Psalms 43

Døm meg, Gud, og før mi sak mot folk utan miskunn, frels meg frå falsk og rettarlaus mann! For du er den Gud som er mi vern. Kvi hev du støytt meg burt? Kvi skal eg ganga svartklædd under fiende-trykk? Send ditt ljos og di sanning, lat deim leida meg, lat deim føra meg til ditt heilage fjell og til dine bustader, so eg kann koma til Guds altar, til Gud, min fagnad og mi gleda, og lova deg på cither, Gud, min Gud! Kvi er du nedbøygd, mi sjæl, og kvi bruser du i meg? Venta på Gud, for eg skal endå lova honom, mitt andlits frelsa og min Gud.
Copyright information for NorSMB