Psalms 44

Til songmeisteren; av Korahs born; ein salme til lærdom. Gud, me hev høyrt med våre øyro, våre feder hev fortalt oss den gjerning du gjorde i deira dagar, i forne dagar. Du dreiv ut heidningarne med di hand, men deim planta du; du øydelagde folkeslag, men deim breidde du ut. For ikkje med sitt sverd vann dei landet, og deira arm gav deim ikkje siger, men di høgre hand og din arm og ditt andlits ljos; for du hadde hugnad i deim. Du, Gud, er min konge; byd at Jakob skal verta frelst! Ved deg skal me støyta ned våre fiendar, ved ditt namn skal me treda under føter deim som reiser seg imot oss. For min boge lit eg ikkje på, og mitt sverd gjev meg ikkje siger. Men du gjev oss siger yver våre fiendar, og deim som hatar oss, gjer du til skammar. Av Gud rosar me oss all dagen og lovar ditt namn til æveleg tid. Sela. 10 Og endå hev du støytt oss burt og gjort oss til skam, og du dreg ikkje ut med våre herar. 11 Du let oss vika attende for fienden, og dei som hatar oss, fær seg herfang. 12 Du gjev oss burt som sauer til å eta upp, og spreider oss ikring millom heidningarne. 13 Du sel ditt folk for ingen ting, og ikkje set du høg pris på deim. 14 Du gjer oss til hæding for våre grannar, til spott og spe for deim som bur ikring oss. 15 Du gjer oss til eit ordtøke millom heidningarne; dei rister på hovudet åt oss millom folki. 16 Heile dagen stend mi skam for mine augo, og blygsl breider seg yver mitt andlit, 17 ved røysti av spottaren og hædaren, ved syni av fienden og den hemngiruge. 18 Alt dette er kome yver oss, endå me ikkje hev gløymt deg og ikkje svike di pakt. 19 Vårt hjarta veik ikkje frå deg, og våre stig sveiv ikkje ut av din veg, 20 at du skulde slå oss sund der sjakalar bur, og breida oss ned i daudeskugge. 21 Hadde me gløymt vår Guds namn og rett våre hender ut til ein framand gud, 22 skulde Gud då ikkje ransaka det? for han kjenner hjartans løyndomar. 23 Men for di skuld vert me drepne all dagen, me er rekna som slagtesauer. 24 Vakna upp! Kvi søv du, Herre? Vakna då, støyt ikkje burt for alltid! 25 Kvi løyner du di åsyn, gløymer vår armodsdom og vår trengsla? 26 For vår sjæl er nedbøygd i moldi, vår likam nedtrykt til jordi. Statt upp til hjelp for oss, og løys oss ut for din nåde skuld!
Copyright information for NorSMB