Psalms 46

Til songmeisteren; av Korahs born, etter Alamot; ein song. Gud er mi hyggja og vår styrke, fullvel røynd i trengslor. Difor ottast me ikkje, um so jordi vert umskift, og um fjelli ragar hjarta av storhavet, um havbårorne dyn og skumar, og fjelli skjelv for deira ofse. Sela. Der er ei å, hennar bekkjer gled Guds by, den heilage stad der den Høgste bur. Gud er midt i honom, so han skal ikkje rugga; Gud hjelper honom i morgonlysingi. Folkeslag rasa, rike vart rikka, han let si røyst ljoda, jordi bråna. Herren, allhers drott, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. Sela. Kom og sjå Herrens storverk, som gjer øydeleggjingar på jordi. 10 Han gjer ende på herferder yver all jordi, bryt bogen sund og høgg spjotet av; stridsvognerne brenner han upp i eld. 11 «Haldt upp og kjenn at eg er Gud! Eg er upphøgd millom folki, upphøgd på jordi.» Herren, allhers drott, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. Sela.
Copyright information for NorSMB