Psalms 47

Til songmeisteren; av Korahs born; ein salme. Klappa i henderne, alle folk! Kved høgt for Gud med fagnadrøyst! For Herren, den Høgste, er ageleg, ein stor konge yver all jordi. Han legg folk under oss og folkeslag under våre føter. Han vel ut vår arvlut åt oss, til gilda for Jakob som han elskar. Sela. Gud for upp med fagnadrop, Herren med basunljod. Syng lov for Gud, syng lov! Syng lov for vår konge, syng lov! For Gud er konge yver all jordi; syng til hans lov ein visleg song! Gud hev teke riket yver folki, Gud hev sett seg på sin heilage kongsstol. Folkedrottarne samlar seg som eit folk til Abrahams Gud; for skjoldarne på jordi høyrer Gud til, han er høgt upphøgd.
Copyright information for NorSMB