Psalms 48

Ein song, ein salme; av Korahs born. Stor er Herren og høglova i vår Guds by, på hans heilage fjell. Fager i si høgd, ein fagnad for all jordi er Sions fjell, utkanten av nordheimen, staden til den store kongen. Gud er i hans hallar kjend som ei fast borg. For sjå, kongarne kom saman og drog fram i lag. Dei såg - so vart dei forfærde, dei vart vitskræmde, flydde i bråhast. Ein skjelv greip deim der, ei bivring som hjå ei barnsjuk kvinna. Med austanvind bryt du sund Tarsis-skip. Liksom me hev høyrt, so hev me no set det i Herren, allhers drotts by, i vår Guds by, Gud gjer honom fast til æveleg tid. Sela. 10 Me grundar på din nåde, Gud, midt i ditt tempel. 11 Som ditt namn, Gud, so er din pris alt til endarne av jordi; di høgre hand er full av rettferd. 12 Sionsfjellet gled seg, Juda døtter fagnar seg yver dine domar. 13 Gakk ikring Sion, far rundt um henne, tel hennar tårn! 14 Legg merke til hennar vollar, gakk igjenom hennar hallar, so de kann fortelja um det til den komande ætt. For denne Gud er vår Gud æveleg og alltid; han skal føra oss ut yver dauden.
Copyright information for NorSMB