Psalms 49

Til songmeisteren; av Korahs born; ein salme. Høyr dette, alle folk, vend øyra til, alle de som bur i verdi, både låge og høge, rik og fatig, alle saman! Min munn skal tala visdom, og det som mitt hjarta tenkjer upp, er vit. Eg vil bøygja mitt øyra til fyndord, eg vil lata upp mi gåta til harpeljod. Kvi skal eg ottast i dei vonde dagar, når vondskap av mine forfylgjarar kringset meg, dei som set si lit til sitt gods og rosar seg av sin store rikdom? Ein mann kann ikkje løysa ut ein bror, kann ikkje gjeva Gud løysepengar for honom - utløysingi av deira liv er for dyr, og han let det vera til æveleg tid - 10 so han skulde halda ved å liva for alltid og ikkje sjå gravi. 11 Nei, han må sjå: Vismenner døyr, dåre og fåviting gjeng burt alle saman og let sitt gods etter seg til andre. 12 Deira inste tanke er at deira hus skal standa æveleg, deira bustader frå ætt til ætt; dei kallar sin jorder etter sine namn. 13 Men eit menneskje i høg vyrdnad vert ikkje verande; han er lik dyri, dei må tagna. 14 So gjeng det deim som er fulle av tru til seg sjølve, og etter deim fylgjer dei som likar deira tale. Sela. 15 Som sauer vert dei førde ned i helheimen, dauden gjæter deim, og dei trurøkne tred deim ned, når morgonen renn; og deira skapnad vert øydelagd av helheimen, so dei hev ingen heimstad lenger. 16 Men Gud skal løysa ut mi sjæl or handi på helheimen; for han skal taka meg til seg. Sela. 17 Ottast ikkje når ein mann vert rik, når hans hus kjem til stor æra! 18 For han skal ingen ting taka med seg når han døyr; hans æra skal ikkje fara ned etter honom. 19 Um han og velsignar si sjæl i si livstid, og dei prisar deg for di du gjer deg gode dagar, 20 so skal du då koma til di fedreætt, dei som ikkje ser ljoset i all æva. Eit menneskje i høg vyrdnad, som ikkje hev vit, vert lik dyri; dei må tagna.
Copyright information for NorSMB