Psalms 51

Til songmeisteren; ein salme av David, då profeten Natan kom til honom, etter han hadde gjenge inn til Batseba. Gud, ver meg nådig etter di miskunn! Sletta ut mine brot etter din store godhug! Två meg vel rein frå mi skuld, og reinsa meg frå mi synd! For mine misgjerningar kjenner eg, og mi synd er alltid framfyre meg. Mot deg einast hev eg synda og gjort det som vondt er i dine augo, so du må vera rettferdig når du talar, vera rein når du dømer. Sjå, eg er fødd i misgjerning, og mor mi hev avla meg i synd. Sjå, du hev lyst til sanning i innarste; so lær meg då visdom i hjartans løynrom! Reinsa meg frå synd med isop, so eg vert rein! Två meg, so eg vert kvitare enn snø! 10 Lat meg høyra fagnad og gleda, lat dei bein fagna seg som du hev slege sund! 11 Løyn di åsyn for mine synder, og sletta ut alle mine misgjerningar! 12 Gud, skap i meg eit reint hjarta, og gjev meg ei ny, stødug ånd inni meg! 13 Kasta meg ikkje burt frå di åsyn, og tak ikkje din heilage ande frå meg! 14 Gjev meg atter fagnaden av di frelsa, og haldt meg uppe med ei viljug ånd! 15 So vil eg læra lovbrjotarar dine vegar, og syndarar skal venda um til deg. 16 Gud, fria meg frå blodskuld, Gud, mine frelsar! So skal mi tunga fagna seg høgt yver di rettferd. 17 Herre, lat upp mine lippor! So skal min munn forkynna din pris. 18 For du hev ikkje lyst til slagtoffer - elles skulde eg gjeva deg det; i brennoffer hev du ikkje hugnad. 19 Offer for Gud er ei sundbroti ånd; eit sundbrote og knust hjarta vil du, Gud, ikkje forsmå. Gjer vel imot Sion etter din nåde, bygg murarne åt Jerusalem! Då skal du hava hugnad i rettferds offer, i brennoffer og heiloffer; då skal dei ofra uksar på ditt altar.
Copyright information for NorSMB