Psalms 59

Til songmeisteren; «tyn ikkje»; av David; ein miktam, då Saul sende folk som gjætte på huset og vilde drepa honom. Frels meg frå mine fiendar, min Gud, berga meg frå deim som stend upp imot meg! Frels meg frå deim som gjer urett, og berga meg frå blodgiruge menner! For sjå, dei ligg på lur etter mi sjæl, sterke menner slær seg saman imot meg, Herre, utan mi misgjerd og utan mi synd. Utan mi skuld renner dei fram og gjer seg ferdige. Vakna og møt meg, og sjå! Ja du, Herre, allhers drott, Israels Gud, vakna til å heimsøkja alle heidningar, ver ikkje nådig mot nokon av dei falske nidingar! Sela. Dei kjem att um kvelden, dei hyler som hundar og renner kring i byen. Sjå, dei let det gøysa ut or munnen sin, der er sverd i deira lippor, for: «Kven høyrer?» Men du, Herre, lær åt deim, du spottar alle heidningar. 10 Mot hans magt vil eg venta på deg, for Gud er mi borg. 11 Min Gud vil møta meg med si nåde, Gud vil lata meg sjå med lyst på deim som lurer på meg. 12 Drep deim ikkje, at ikkje mitt folk skal gløyma det! Driv deim ikring ved di magt og støyt deim ned, du Herre, vår skjold! 13 Kvart ord på deira lippor er ei synd i deira munn; lat deim so verta fanga i sitt ovmod og for den banning og lygn som dei talar! 14 Gjer ende på deim i vreide, gjer ende på deim, so dei ikkje meir er til, og lat dei vita at Gud er Herre i Jakob, alt til endarne av jordi! Sela. 15 Og dei kjem att um kvelden, hyler som hundar og renner kring i byen. 16 Dei flakkar um etter mat, vert dei ikkje mette, nattar dei yver. 17 Men eg vil syngja um di magt og um morgonen lovsyngja di miskunn; for du er mi borg og mi livd den dag eg er i naud. Min styrke! for deg vil eg syngja; for Gud er mi borg, min miskunnsame Gud.
Copyright information for NorSMB