Psalms 6

Til songmeisteren, med strengleik, etter Sjeminit; ein salme av David. Herre, refs meg ikkje i din vreide og tukta meg ikkje i din harm! Ver meg nådig, Herre, for eg er burtvisna! Læk meg, Herre, for mine bein er skjelvande. Og mi sjæl er storleg skjelvrædd. Og du, Herre, kor lenge? Vend deg um att, Herre, fri ut mi sjæl, frels meg for di miskunn skuld! For i dauden er det ikkje minne um deg; kven vil prisa deg i helheimen? Eg er trøytt av mine sukkar; eg bløyter mi seng kvar natt, med mine tåror væter eg mitt lægje. Mitt auga er upptært av hugverk; det er gamalt vorte for alle deira skuld som trengjer meg. Vik ifrå meg, alle de som gjer urett! For Herren hev høyrt mitt gråtmål. 10 Herren hev høyrt mi audmjuke påkalling, Herren, tek imot mi bøn. Alle mine fiendar skal verta skjemde og storleg forfærde; dei skal venda attende, verta skjemde i ein augneblink.
Copyright information for NorSMB