Psalms 61

Til songmeisteren, på strengleik; av David. Gud, høyr mitt klagerop, merka mi bøn! Frå enden av jordi ropar eg til deg, medan hjarta vanmegtast; på eit fjell som er for høgt for meg, må du føra meg upp. For du hev vore mi livd, eit sterkt tårn mot fienden. Eg vil æveleg bu i ditt tjeld, finna livd i skuggen av dine vengjer. Sela. For du, Gud, hev høyrt på mine lovnader, deim som ottast ditt namn, hev du gjeve deira arv. Du vil leggja dagar til kongens dagar, hans år skal vera som ætt etter ætt. Han skal sitja æveleg for Guds åsyn; set miskunn og truskap til å vara honom! So vil eg æveleg lovsyngja ditt namn, at eg kann løysa mine lovnader dag etter dag.
Copyright information for NorSMB