Psalms 63

Ein salme av David, då han var i Juda øydemark. Gud, du er min Gud, eg søkjer deg tidleg; mi sjæl tyrster etter deg, mitt kjøt lengtar etter deg i eit turt land som ligg i vanmagt utan vatn. Soleis hev eg set etter deg i heilagdomen til å sjå di kraft og di æra. For di miskunn er betre enn livet, mine lippor skal prisa deg. Soleis vil eg lova deg so lenge eg liver, i ditt namn vil eg lyfta upp mine hender. Som av merg og feitt skal mi sjæl verta mett, og med lovsyngjande lippor skal min munn prisa deg. Når eg kjem deg i hug på mitt lægje, tenkjer eg på deg i nattevakterne. For du hev vore hjelp for meg, i skuggen av dine vengjer kann eg fegnast. Mi sjæl heng fast ved deg; di høgre hand held meg uppe. 10 Men dei som stend meg etter livet og vil tyna det, dei skal koma til dei nedste djup i jordi. 11 Dei skal verta yvergjevne til sverdmagt, verta til ran for revar. Men kongen skal gleda seg i Gud; kvar den som sver ved honom, skal prisa seg sæl, for ljugararne skal verta målbundne.
Copyright information for NorSMB