Psalms 64

Til songmeisteren; ein salme av David. Gud, høyr mi røyst når eg klagar, vara mitt liv frå fiende-skræmsla! Gøym meg for løyndelaget av dei vonde, for den bråkande hop av illgjerningsmenner, som kvesser si tunga som eit sverd, siktar med si pil, det beiske ord, og vil skjota ned den uskuldige i løynd; brått skyt dei honom og ræddast ikkje. Dei styrkjer seg i si vonde råd, dei fortel at dei vil leggja løynde snaror, dei segjer: «Kven ser deim?» Dei tenkjer upp ugjerningar: «Me er ferdige, tanken er tenkt» - og det indste i mannen og hjarta er djupt. Då skyt Gud deim, pili kjem brått og sårar deim. Dei stupar ned, deira tunge kjem yver deim, alle som ser på deim, rister på hovudet. 10 Og alle menneskje ræddast og forkynner Guds gjerning, og hans verk skynar dei. Den rettferdige gleder seg i Herren og flyr til honom, og alle ærlege av hjarta prise seg sæle.
Copyright information for NorSMB