Psalms 65

Til songmeisteren; ein salme av David, ein song. Gud, dei er stille for deg og prisar deg på Sion, og dei gjev deg det dei hev lova. Du som høyrer bøner, til deg kjem alt kjøt. Når misgjerningar hev vorte for sterke for meg, so forlet du våre forbrot. Sæl er den som du vel ut og let koma nær, so han bur i dine fyregardar; me vil metta oss med det gode i ditt hus, ditt heilage tempel. Med skræmelege gjerningar bønhøyrer du oss i rettferd, du, vår Frelse-Gud, ei livd for alle heimsens endar og havet langt burte. Han gjer fjelli faste med si kraft, gyrd med velde. Han døyver havsens dur, bylgjeduren og bråket av folkeslagi. Og dei som bur ved endarne av jordi, ræddast for dine teikn, heimen for morgon og kveld fyller du med lovsong. 10 Du hev gjesta jordi og gjeve henne ovnøgd, du hev gjort henne ovleg rik, Guds bekk er full av vatn. Du hev laga til korn for folk, for soleis laga du jordi til. 11 Du vatna hennar plogforer, jamna dei med upp-pløgde åkrar, du bløytte henne med regnskurer, velsigna hennar grøda. 12 Du hev krynt ditt gode år, og dine fotspor dryp av feitt. 13 Beiti i øydemarki dryp, og haugarne gyrdar seg med lovsong. Engjarne er klædde med sauer, og dalarne er fyllte med korn; folk fegnast og syng.
Copyright information for NorSMB