Psalms 67

Til songmeisteren på strengleik; ein salme, ein song. Gud vere oss nådig og velsigne oss, han late si åsyn lysa hjå oss - Sela - so dei må kjenna din veg på jordi, di frelse hjå alle heidningar. Folki skal prisa deg, Gud, folki skal prisa deg alle saman. Folkeslagi skal gledast og fagna seg høgt; for du dømer folki med rett, og folkeslagi på jordi leider du. Sela. Folki skal prisa deg, Gud, folki skal prisa deg alle saman. Landet hev gjeve si grøda; Gud, vår Gud velsignar oss. Gud velsignar oss, og alle heimsens endar skal ottast honom.
Copyright information for NorSMB