Psalms 70

Til songmeisteren; av David; til minnesofferet. Gud, ver meg til berging! Herre, kom meg snart til hjelp! Lat deim verta til skam og spott, dei som stend etter mitt liv! Lat deim vika attende og skjemmast, som hev hugnad i mi ulukka! Lat deim snu for si skjemd dei som segjer: «Ha, ha!» Lat deim fegnast og gleda seg i deg, alle dei som søkjer deg! Lat deim som elskar di frelsa, alltid segja: «Høglova vere Gud!» For eg er arm og fatig; Gud, kom snart til meg! Du er mi hjelp og min frelsar; Herre, dryg ikkje!
Copyright information for NorSMB