Psalms 71

Til deg, Herre, flyr eg, lat meg aldri verta til skammar! Fria meg ut og berga meg ved di rettferd, bøyg ditt øyra til meg og frels meg! Ver meg eit berg til å bu på, der eg alltid kann koma! Du hev påbode frelsa for meg, for du er mitt fjell og mi festning. Min Gud, berga meg frå handi til den ugudlege, frå hans neve som er urettferdig og gjer valdsverk! For du er den eg vonar på, Herre, Herre, den eg set mi lit til alt frå ungdomen. På deg hev eg studt meg alt frå morsfanget; du er den som drog meg ut or morslivet, um deg vil eg alltid syngja min lovsong. Som eit under hev eg vore for mange; men du er mi sterke borg. Min munn er full av ditt lov, av di æra heile dagen. Kasta meg ikkje burt i min alderdom, forlat meg ikkje når mi kraft vert til inkjes! 10 For mine fiendar hev sagt um meg, og dei som lurar på mi sjæl, legg råder i hop, 11 og segjer: «Gud hev forlate honom; forfylg honom og tak honom, for det er ingen som bergar!» 12 Gud, ver ikkje langt frå meg! Min Gud, kom meg snart til hjelp! 13 Lat deim som stend etter mitt liv, verta til skammar og ganga til grunnar! Lat deim som søkjer mi ulukka, verta klædde i spott og skam! 14 Men eg vil alltid venta, og stødt vil eg lova deg meir og meir. 15 Min munn skal fortelja um di rettferd, um di frelse all dagen, for eg veit ikkje tal på deim. 16 Eg vil koma fram med Herrens, Herrens velduge verk, eg vil forkynna di rettferd, berre di. 17 Gud, du hev lært meg upp alt frå ungdomen, og til dessa kunngjer eg dine undergjerningar. 18 Forlat meg då ikkje heller når eg vert gamall og grå, du Gud, til dess eg fær forkynna um din arm til ei onnor ætt, um di magt til kvar den som skal koma. 19 Og di rettferd, Gud, når upp til det høge, du Gud, som hev gjort store ting, kven er som du? 20 Du som hev late oss sjå mange trengslor og ulukkor, du vil gjera oss livande att og draga oss upp att or dypterne i jordi. 21 Du vil lata meg veksa og vil venda um og trøysta meg. 22 So vil eg prisa deg med harpespel, din truskap, min Gud! Eg vil syngja deg lov med cither, du Israels Heilage. 23 Mine lippor skal fegnast når eg syng deg lov, og mi sjæl, som du hev løyst ut. 24 Ogso tunga mi skal heile dagen kveda ut di rettferd, for dei hev vorte til skam og spott, dei som søkjer mi ulukka.
Copyright information for NorSMB