Psalms 73

Ein salme av Asaf. Ja, Gud er god mot Israel, mot deim som hev eit reint hjarta. Men eg - mine føter hadde so nær snåva, det skilde lite at mine stig hadde skride ut. For eg harmast på dei ovmodige, når eg såg at det gjekk dei gudlause godt. For dei er frie frå verk til dei døyr, og deira kropp er feit. Dei veit ikkje av naud som andre folk, og dei vert ikkje plåga som andre menneskje. Difor er ovmod deira halsprydnad, vald sveiper seg um deim som eit klædeplagg. Augo deira glytter ut or feitt, deira hjartans tankar bryt fram. Dei spottar og talar i vondskap um valdsverk, frå høgdi talar dei. Dei set sin munn til himmelen, og deira tunga fer fram yver jordi. 10 Difor vendar deira folk seg til, og mykje vatn syg dei inn. 11 Og dei segjer: «Korleis skulde Gud vita noko? Finst det vel kunnskap hjå den Høgste?» 12 Sjå desse er ugudlege, og æveleg trygge veks dei i magt. 13 Ja, fåfengt hev eg reinsa mitt hjarta og tvege mine hender i uskyld, 14 eg vart like vel plåga heile dagen, og kvar morgon fekk eg tukt. 15 Dersom eg hadde sagt: «Eg vil tala soleis,» då hadde eg vore utru mot ætti av dine born. 16 Og når eg tenkte etter korleis eg skulda skyna dette, vart det for mødesamt var det for meg 17 - til dess eg gjekk inn i Guds heilagdomar og agta på deira ende. 18 Ja, på hålka set du deim; du let deim falla radt til grunns. 19 Kor dei vart øydelagde i ein augneblink! Dei gjekk under, fekk ein skræmeleg ende. 20 Som ein vanvyrder ein draum når ein vaknar, soleis vanvyrder du, Herre, deira bilæte når du vert vaken. 21 Når mitt hjarta var beiskt, og eg fekk styng i nyro, 22 då var eg uvitug og skyna inkje, eit fe var eg imot deg. 23 Men eg er alltid hjå deg, du hev gripe mi høgre hand. 24 Du vil leida meg med di råd og sidan tek du meg upp til æra. 25 Kven hev eg i himmelen? Og når du er min, hev eg ingen hug til jordi. 26 Um mitt kjøt og hjarta vert til inkjes, so er Gud æveleg mitt hjartans berg og min deil. 27 For sjå, dei som er langt burte frå deg, skal ganga til grunnar; du tyner alle som i hor gjeng frå deg. 28 Men for meg er det godt å halda meg nær til Gud, eg set mi lit til Herren, Herren, at eg må fortelja alle dine gjerningar.
Copyright information for NorSMB