Psalms 74

Ein song til lærdom av Asaf. Kvifor hev du, Gud, støytt oss burt til æveleg tid? Kvifor ryk din vreide mot den hjord du beiter? Kom i hug din lyd som du fekk deg i fordoms tid, som du løyste ut til å vera din arvs ætt, Sions fjell der du bur. Stig upp til dei ævelege øydehus! Alt hev fienden brote sund i heilagdomen. Dine motstandarar hev bura midt i ditt samlingshus, dei hev sett sine merke upp til merke. Det såg ut som når ein lyfter øksar og høgg i tettvakse tre. Og no, alt som fanst av utskurd, det slo dei sund med øks og hamar. Dei hev sett eld på heilagdomen din, reint til grunnen hev dei vanhelga bustaden for ditt namn. Dei hev sagt i sitt hjarta: «Lat oss tyna deim alle i hop!» Dei hev brent upp alle Guds samlingshus i landet. Våre merke ser me ikkje, det finst ingen profet lenger, og ingen hjå oss som veit kor lenge. 10 Gud, kor lenge skal motstandaren spotta, fienden vanvyrda ditt namn æveleg? 11 Kvifor dreg du di hand, di høgre hand, attende? Tak henne ut or barmen, og øydelegg! 12 Gud er då min konge frå gamall tid, som skaper frelsa midt på jordi. 13 Du skilde havet ved din styrke, du krasa hovudi til drakarne på vatnet. 14 Du slo sund hovudi til Livjatan, du gjorde honom til føda for folk i øydemarki. 15 Du let kjelda og bekk renna fram, du turka ut årgangs elvar. 16 Deg høyrer dagen til, deg høyrer og natti til, du hev laga ljosi og soli. 17 Du hev sett fast alle grensor på jordi, sumar og vinter - du hev laga deim. 18 Kom i hug dette: Fiendar hev spotta Herren, og eit dårlegt folk hev vanvyrdt ditt namn. 19 Gjev ikkje turtelduva di til den mordfuse flokken, gløym ikkje æveleg flokken av dine armingar! 20 Sjå til di pakt! for løyndekrokarne i landet er fulle av valds-bøle. 21 Lat ikkje den nedtrykte snu um med skam, lat den arme og fatige lova ditt namn! 22 Statt upp, Gud! før di sak! Kom i hug at du vert spotta av dåren heile dagen! 23 Gløym ikkje røysti åt dine fiendar, ståket frå dine motstandarar som alltid stig upp!
Copyright information for NorSMB