Psalms 78

Ein song til lærdom av Asaf. Lyd, mitt folk, på læra mi, legg øyra til det munnen min talar! Eg vil opna min munn med fyndord, eg vil lata gåtor frå gamall tid strøyma ut. Det me hev høyrt og veit, og det våre feder hev fortalt oss, det vil me ikkje dylja for deira born, men fortelja Herrens pris for den komande ætti, og hans styrke og hans under, som han hev gjort. Han hev sett upp eit vitnemål i Jakob, og ei lov hev han lagt i Israel, som han baud våre feder, til å kunngjera deim for borni, so den komande ætti, dei born som skulde verta fødde, kunde kjenna deim, at dei kunde koma fram og fortelja um deim til sine born, og setja si von til Gud, og ikkje gløyma Guds verk, men taka vare på hans bodord, og ikkje vera som deira feder, ei tver og tråssug ætt, ei ætt som ikkje gjorde sitt hjarta fast, og som i si ånd ikkje var trufast mot Gud. Efraims born, dei væpna bogeskyttarar, dei snudde på stridsdagen. 10 Dei heldt ikkje Guds pakt og vilde ikkje ferdast i hans lov. 11 Og dei gløymde hans storverk og hans under som han hadde synt deim. 12 For deira feder hadde han gjort under i Egyptarlandet på Soans mark. 13 Han kløyvde havet og let deim ganga igjenom, og let vatnet standa som ein haug. 14 Og han leidde deim med skyi um dagen, og heile natti ved elds ljos. 15 Han kløyvde berg i øydemarki og let deim drikka som av store vatsdjup. 16 Og han let bekkjer koma or fjellet og fekk vatn til å renna ned som elvar. 17 Men dei heldt endå på og synda imot honom, og var tråssuge mot den Høgste i øydemarki. 18 Og dei freista Gud i sitt hjarta, so dei kravde mat for si lyst. 19 Og dei tala imot Gud, dei sagde: «Kann vel Gud duka bord i øydemarki? 20 Sjå, han slo i berg, so vatn rann ut, og bekkjer fløymde. Tru han og kann gjeva brød, eller koma med kjøt til sitt folk?» 21 Difor, då Herren høyrde det, vart han harm, og eld loga upp mot Jakob, og vreide reiste seg mot Israel; 22 for dei trudde ikkje på Gud og leit ikkje på hans frelsa. 23 Og han gav skyerne ovantil, og himmelportarne let han upp. 24 Og han let manna regna yver deim til føda, og himmelkorn gav han deim. 25 Englebrød fekk menneskje eta, nista sende han deim til mette. 26 Han let austanvinden fara ut i himmelen, og han førde sunnanvinden fram ved si magt. 27 Og han let kjøt regna yver deim som dust, og fljugande fuglar som havsens sand, 28 og han let deim falla ned midt i deira læger, kringum deira bustader. 29 Og dei åt og vart ovleg mette, og det dei hadde hug på, let han deim få. 30 Dei var ikkje komne burt frå si lyst, endå hadde dei maten i munnen, 31 då steig Guds vreide upp imot deim, og han drap deira sterke menner hjå deim, og Israels ungdomar slo han ned. 32 Med alt dette synda dei endå, og dei trudde ikkje på hans under. 33 Og han let deira dagar kverva i fåfengd, og deira år i rædsla. 34 Når han slo deim ned, då spurde dei etter honom, og vende um og søkte Gud, 35 og kom i hug at Gud var deira berg og den høgste Gud var deira atterløysar. 36 Men dei gjølte for honom med sin munn, og laug for honom med si tunga. 37 Og deira hjarta hekk ikkje fast ved honom, og dei var ikkje true mot hans pakt. 38 Men han er miskunnsam, han forlet skuld og tyner ikkje, og mange gonger let han sin vreide venda um, og han vakte ikkje heile sin harm. 39 Og han kom i hug at dei var kjøt, ein andepust som kverv og ikkje kjem att. 40 Kor ofte dei tråssa honom i øydemarki og gjorde honom sorg i audni! 41 Og dei freista atter Gud og krenkte Israels Heilage. 42 Dei kom ikkje handi hans i hug, eller den dagen då han fria deim frå fienden, 43 då han gjorde sine teikn i Egyptarland, og sine undergjerningar på Soans mark. 44 Og han gjorde deira elvar til blod, og sine rennande vatn kunde dei ikkje drikka. 45 Han sende imot deim flugesvermar som åt deim upp, og froskar som tynte deim. 46 Og han gav deira grøda til gnagaren og deira arbeid til grashoppen. 47 Han slo deira vintre ned med hagl og deira morbærtre med haglsteinar. 48 Og han gav deira fe til haglet og deira hjorder til eldingarne. 49 Han sende på deim sin brennande vreide, sinne og harm og trengsla, ei sending av uferds-englar. 50 Han braut veg for sin vreide, han sparde ikkje deira sjæl for dauden, og deira liv gav han til sotti. 51 Og han slo alle fyrstefødde i Egyptarland, fyrstegrøda av dei sterke i Khams tjeld. 52 Og han let sitt folk fara av stad som sauer, og førde deim som ei hjord i øydemarki. 53 Og han leidde deim trygt, og dei ræddast ikkje, men havet løynde deira fiendar. 54 Og han førde deim til sitt heilage landmerke, det fjell som hans høgre hand hadde vunne. 55 Og han dreiv ut heidningar for deim, og let deira land falla til deim som arv, og let Israels ætter bu i deira tjeld. 56 Men dei freista Gud, den Høgste, og tråssa honom, og hans vitnemål agta dei ikkje på. 57 Og dei veik av og var utrugne som deira feder, dei vende um som ein veik boge. 58 Dei harma honom med sine haugar og eggja honom med sine avgudar. 59 Gud høyrde det og vart vreid, og han vart svært leid av Israel. 60 Og han gjekk burt frå sin bustad i Silo, det tjeld han hadde slege upp millom menneskje. 61 Og han let sin styrke verta førd burt som fange, og gav si æra i fiendehand. 62 Og han gav sitt folk til sverdet, og på sin arv harmast han. 63 Eld åt deira unge menner, og deira møyar fekk ingen bruresong. 64 Deira prestar fall for sverdet, og deira enkjor fekk ikkje syrgja 65 Då vakna Herren som ein sovande, som ei kjempa frå rus av vin. 66 Og han slo sine fiendar attende, og han førde yver deim æveleg skam. 67 Og han støytte burt Josefs tjeld, og Efraims ætt valde han ikkje ut. 68 Men han valde Judas ætt, Sions fjell som han elska. 69 Og han bygde sin heilagdom som høge fjell, liksom jordi som han hev grunnfest til æveleg tid. 70 Og han valde ut David, sin tenar, og tok honom frå sauegrindarne. 71 Han førde honom frå lambsauerne som han fylgde, til å gjæta Jakob, sitt folk, og Israel, sin arv. 72 Og han gjætte deim etter sitt ærlege hjarta, og med si kloke hand leidde han deim.
Copyright information for NorSMB