Psalms 79

Ein salme av Asaf. Gud, heidningar er komen inn i arven din, dei hev gjort ditt heilage tempel ureint, dei hev gjort Jerusalem til steinhaugar. Dei hev gjeve liki av dine tenarar til føda for fuglarne under himmelen, kjøtet av dine trugne til landsens villdyr. Dei hev rent ut deira blod som vatn kringum Jerusalem, og det var ingen som jorda deim. Me hev vorte til spott for våre grannar, til hæding og lått for deim som bur ikring. Kor lenge, Herre, vil du æveleg vera vreid? Kor lenge skal din brennhug loga som eld? Renn din harme ut yver heidningarne som ikkje kjenner deg, og yver dei kongerike som ikkje kallar på ditt namn! For dei hev ete upp Jakob, og hans bustad hev dei øydelagt. Kom ikkje i hug mot oss synderne åt våre forfeder, lat di miskunn snart koma imot oss, for me er svært utmødde! Hjelp oss, du vår Frelse-Gud, for ditt namns æra skuld! og frels oss og forlat oss våre synder for ditt namn skuld! 10 Kvifor skal heidningarne segja: «Kvar er deira Gud?» Lat det for våre augo verta kjent millom heidningarne, at det kjem hemn yver det utrende blodet av dine tenarar! 11 Lat sukken frå den bundne koma for di åsyn! So sterk som armen din er, spar daudens born! 12 Gjev våre grannar sjufald att i deira fang den spott som dei hev spotta deg med, Herre! 13 Og me, ditt folk og den hjord du beiter, me vil lova deg æveleg, frå ætt til ætt vil me kunngjera din pris.
Copyright information for NorSMB