Psalms 8

Til songmeisteren, etter Gittit; ein salme av David. Herre, vår Herre, kor herlegt ditt namn er yver all jordi! du som hev sett din prydnad på himmelen. Av munnen på småborn og sogborn hev du grunnfest ei magt for dine motstandarar skuld, so du kann tagga fienden og den hemngiruge. Når eg ser din himmel, det verk av dine fingrar, månen og stjernorne, som du hev sett i stand, kva er då eit menneskje, at du kjem det i hug, og ein menneskjeson, at du ser til honom! Du gjorde honom lite lægre enn Gud; med herlegdom og æra krynte du honom. Du sette honom til herre yver dei verk dine hender gjorde, allting lagde du under hans føter: Småfe og storfe, alle saman, og jamvel dei ville dyr i marki, fuglen under himmelen og fisken i havet, alt det som fer på havsens stigar. Herre, vår Herre, kor herlegt ditt namn er yver all jordi!
Copyright information for NorSMB