Psalms 80

Til songmeisteren, etter «Liljor»; eit vitnemål av Asaf, ein salme. Du Israels hyrding, vend øyra til! du som fører Josef som ei hjord, du som tronar yver kerubarne, syn deg herleg! Vekk upp ditt velde for Efraim og Benjamin og Manasse, og kom oss til hjelp! Gud, reis oss upp att, og lat ditt andlit lysa, so me vert frelste! Herre Gud, Allhers drott! Kor lenge du frøser av harm, endå folket ditt bed! Du gav deim tårebrød til å eta og tåror til å drikka i fullt mål. Du sette oss til eit trættemål for våre grannar, og våre fiendar spottar seg imillom. Gud, allhers drott, reis oss upp att og lat ditt andlit lysa, so me vert frelste! Eit vintre flutte du frå Egyptarland, du dreiv heidningar ut og planta det. 10 Du rudde rom for det, og det feste rot og fyllte landet. 11 Fjell vart løynde av skuggen frå det, og Guds cedrar av greinerne. 12 Det strekte sine greiner ut til havet, og sine renningar burt imot elvi. 13 Kvi hev du rive ned gardarne ikring det, so alle som gjeng framum på vegen, plukkar av det? 14 Svinet frå skogen gneg på det og dyri på marki beitar i det. 15 Gud, allhers drott, vend um att! skoda ned frå himmelen og sjå og vitja ditt vintre! 16 og verna um det som di høgre hand hev planta, og um den son du hev valt deg ut! 17 Det er brent med eld, det er avhogge, for trugsl frå ditt andlit gjeng dei til grunnar. 18 Haldt di hand yver mannen ved di høgre hand, yver menneskjesonen som du hev valt deg ut, 19 so vil me ikkje vika frå deg! Gjer oss levande att, so vil me kalla på ditt namn! Herre Gud, allhers drott, reis oss upp att, og lat ditt andlit lysa, so me vert frelste!
Copyright information for NorSMB