Psalms 86

Ei bøn av David. Herre, bøyg ditt øyra, svara meg! for arm og fatig er eg. Tak vare på mi sjæl, for eg er gudleg. Frels din tenar, du min Gud, han som lit på deg! Ver meg nådig, Herre! For til deg ropar eg heile dagen. Gled din tenars sjæl! For til deg, Herre, lyfter eg mi sjæl. For du, Herre, er god og viljug til forlating, og rik på miskunn for alle deim som kallar på deg. Herre, vend øyra til mi bøn, og merka på mi bønerøyst! Den dag eg er i naud, ropar eg på deg, for du svarar meg. Ingen er som du millom gudarne, Herre, og ingi verk er som dine. Alle heidningar som du hev skapt, skal koma og tilbeda for di åsyn, Herre, og dei skal æra ditt namn. 10 For du er stor og gjer undergjerningar, du er Gud og ingen annan. 11 Lær meg, Herre, din veg, eg vil ferdast i di sanning; sameina mitt hjarta til å ottast ditt namn! 12 Eg vil prisa deg, Herre min Gud, av alt mitt hjarta, og eg vil æra namnet ditt æveleg. 13 For di miskunn er stor yver meg, og du hev frelst mi sjæl frå den djupe helheimen. 14 Gud, stormodige hev reist seg imot meg, og ein flokk av valdsmenner stend etter livet mitt, og dei hev ikkje deg for auga. 15 Men du, Herre, er ein miskunnsam og nådig Gud, langmodig og rik på miskunn og truskap. 16 Vend deg til meg og ver meg nådig, gjev din tenar styrken din, og frels son åt di tenestkvinna! 17 Gjer eit teikn med meg til det gode, at dei som hatar meg, må sjå det og skjemmast, av di du, Herre, hev hjelpt meg og trøysta meg.
Copyright information for NorSMB