Psalms 89

Ein salme til lærdom av ezrahiten Etan. Um Herrens miskunns verk vil eg æveleg syngja frå ætt til ætt vil eg med min munn forkynna hans truskap. For eg segjer: Æveleg vert miskunn uppbygd, i himmelen gjer du din truskap fast. «Eg hev gjort ei pakt med min utvalde, eg hev svore for David, tenaren min: «Æveleg vil eg grunnfesta ditt avkjøme, og eg vil byggja din kongsstol frå ætt til ætt.»» Sela. Og himmelen prisar di undergjerning, Herre, og din truskap fær pris i samlingi av dei heilage. For kven i dei høge skyer likjest Herren? Kven er lik Herren millom gudesøner? Ein Gud som er ovskræmeleg i løynderådet til dei heilage, og til rædsla for alle som er ikring honom. Herre, allhers drott, kven er sterk som du, Herre? Og din truskap er kringum deg. 10 Du råder yver havsens ovmod; når bylgjorne i det reiser seg, stiller du deim. 11 Du hev slege Rahab sund som ein ihelslegen, med din sterke arm hev du spreidt dine fiendar. 12 Himmelen er din, og jordi er di; jordriket og alt som er i det, hev du grunnlagt. 13 Nord og sud hev du skapt; Tabor og Hermon fegnast i ditt namn. 14 Du hev ein arm med velde; sterk er di hand, høg er di høgre hand. 15 Rettferd og rett er grunnvoll for din kongsstol; miskunn og truskap gjeng fyre di åsyn. 16 Sælt er det folk som kjenner til glederop; i ljoset frå ditt andlit skal dei ferdast. 17 I ditt namn fegnast dei all dagen, og ved di rettferd vert dei upphøgde. 18 For du er prydnaden i deira styrke, og ved din godhug lyfter du upp vårt horn. 19 For Herren høyrer vår skjold til, og vår konge til Israels Heilage. 20 Den gong tala du i ei syn til dine trugne og sagde: «Eg hev lagt hjelp i handi på ein veldug, eg hev upphøgt ein ungdom av folket. 21 Eg hev funne David, tenaren min, med min heilage olje hev eg salva honom. 22 Mi hand skal alltid vera med honom, og min arm skal styrkja honom. 23 Fienden skal ikkje trengja honom, og den urettferdige skal ikkje kua honom. 24 Men eg vil krasa hans motstandarar for hans åsyn, og slå deim som hatar honom. 25 Og min truskap og mi miskunn skal vera med honom, og i mitt namn skal hans horn verta upplyft. 26 Eg vil leggja hans hand på havet og hans høgre hand på elvarne. 27 Han skal ropa til meg: «Du er min far, min Gud og mitt frelse-fjell!» 28 Og eg vil setja honom til den fyrstefødde, til den høgste av kongarne på jordi. 29 Mi miskunn imot honom vil eg æveleg halda ved lag, og mi pakt skal standa fast for honom. 30 Og eg vil halda uppe hans avkjøme til æveleg tid, og hans kongsstol so lenge himmelen varer. 31 Dersom hans born forlet mi lov og ikkje vandrar etter mine domar, 32 dersom dei bryt mine bodord og ikkje held mine fyresegner, 33 då vil eg heimsøkja deira misgjerd med ris og deira skuld med plågor. 34 Men mi miskunn vil eg ikkje taka frå honom, og ikkje vil eg svika i min truskap. 35 Eg vil ikkje brjota mi pakt og ikkje brigda ordi frå mine lippor. 36 Eitt hev eg svore ved min heilagdom, sanneleg, for David vil eg ikkje ljuga. 37 Hans avkjøme skal vera til æveleg tid, og hans kongsstol som soli for mi åsyn. 38 Som månen skal han standa æveleg, og vitnet i skyi er trufast.» Sela. 39 Og du hev støytt burt og forsmått, du hev vorte harm på den du hev salva. 40 Du hev rist av deg pakti med din tenar, du hev skjemt hans kruna og kasta henne på jordi. 41 Du hev brote ned alle murarne hans, du hev gjort hans festningar til grusdungar. 42 Alle som fer fram på vegen, plundrar honom, han hev vorte til spott for grannarne sine. 43 Du hev upphøgt den høgre hand til hans motstandarar, du hev gjort alle hans fiendar glade. 44 Du hev og late og hans sverdsegg vika, og hev ikkje halde honom uppe i striden. 45 Du hev gjort ende på hans glans og kasta hans kongsstol til jordi. 46 Du hev korta av hans ungdoms dagar, du hev lagt skam yver honom. Sela. 47 Kor lenge, Herre, vil du løyna deg æveleg? Kor lenge skal din harm brenna som eld? 48 Kom då i hug kor stutt mitt liv er, og kor forgjengelege du hev skapt alle menneskjeborn. 49 Kven fær vel liva og ikkje sjå dauden? Kven friar si sjæl frå helheims vald? Sela. 50 Herre, kvar er dine nådegjerningar frå fordoms tid, som du med eid lova David i din truskap? 51 Herre, kom i hug den skam som ligg yver dine tenarar, at eg må bera i fanget alle dei mange folk, 52 at dine fiendar spottar, Herre, at dei spottar hans fotspor som du hev salva. Lova vere Herren æveleg! Amen, amen!
Copyright information for NorSMB