Psalms 90

Ei bøn av gudsmannen Moses. Herre, du hev vore ei livd for oss frå ætt til ætt. Fyrr fjelli vart til, og du skapte jordi og heimen, ja frå æva og til æva er du Gud. Du let menneskja venda um til dust og segjer: «Vend um att, de menneskjeborn!» For tusund år er i dine augo som dagen i går når han lid, som ei vakt um natti. Du riv deim burt som i flaum, dei vert som ein svevn, um morgonen er dei som groande graset; um morgonen blømer det og gror, um kvelden visnar det burt og turkast upp. For me hev forgjengest ved din vreide, og ved din harm er me burtskræmde. Du hev sett våre misgjerder for augo dine, vår løynde synd i ljoset frå di åsyn. For alle våre dagar er framfarne i din vreide, me hev livt våre år til ende som ein sukk. 10 Vår livstid, ho varer sytti år, og når der er mykje kraft, åtteti år, og jamvel det stoltaste er møda og fåfengd, for snart er det framfare, og me flaug burt. 11 Kven kjenner styrken i din vreide og din harm, soleis som ein bør ottast deg? 12 Å telja våre dagar, det lære du oss, at me kann få visdom i hjarta. 13 Vend um, Herre! Kor lenge? Og lat det gjera deg vondt for tenarane dine! 14 Metta oss med di miskunn når morgonen renn, so vil me fegnast og gleda oss alle våre dagar! 15 Gled oss etter dei dagar du hev bøygt oss, etter dei år me hev set ulukka! 16 Lat di gjerning syna seg for tenarane dine og din herlegdom yver deira born! 17 Og Herren, vår Guds ynde vere yver oss, og det våre hender gjer, gjeve du framgang for oss, ja, det våre hender gjer, det gjeve du framgang!
Copyright information for NorSMB