Psalms 91

Den som sit i gøymsla hjå den Høgste, den som bur i skuggen hjå den Allmegtige, han segjer til Herren: «Mi livd og mi borg, min Gud som eg set mi lit til.» For han frelser deg frå snara til fuglefangaren, frå tynande sott. Med sine fjører løyner han deg, og under hans vengjer finn du livd; skjold og vern er hans truskap. Du skal ikkje ræddast for skræmsl um natti, for pil som flyg um dagen, for pest som fer fram i myrker, for sott som tyner um middagen. Um tusund fell attmed sida di, og ti tusund attmed di høgre hand, so skal det ikkje nå til deg. Du skal berre skoda det med augo dine, og sjå korleis dei ugudlege fær si løn. «For du, Herre, er mi livd,» segjer du. Den Høgste hev du gjort til din bustad. 10 Inkje vondt skal timast deg, og ingi plåga skal koma nær til ditt tjeld. 11 For han skal bjoda sine englar um deg, at dei skal vara deg på alle dine vegar. 12 Dei skal bera deg på hender, so du ikkje skal støyta foten din på nokon stein. 13 På løva og eiterorm skal du treda, du skal trakka ned ungløvor og drakar. 14 «Av di han heng fast ved meg, vil eg fria honom ut; eg vil frelsa honom, av di han kjenner mitt namn. 15 Han skal kalla på meg, og eg skal svara honom, eg er med honom i naud, eg vil fria honom ut og føra honom til æra. 16 Med eit langt liv vil eg metta honom og lata honom sjå mi frelsa.»
Copyright information for NorSMB