Psalms 94

Herre, du hemns Gud, du hemns Gud, syn deg i herlegdom! Statt upp, du domar yver jordi, lat dei ovmodige få lika for si gjerning! Kor lenge skal ugudlege, Herre, kor lenge skal ugudlege fegnast? Dei gøyser or seg og fører skamlaus tale; dei skrøyter, alle ugjerningsmenner. Ditt folk, Herre, krasar dei, og din arv plågar dei. Enkja og den framande slær dei i hel, og dei myrder dei farlause. Og dei segjer: «Herren ser ikkje, og Jakobs Gud merkar det ikkje.» Merka då, de uvituge i folket! Og de vitlause, når vil de taka til vitet? Han som hev sett inn øyra, skulde han ikkje høyra? Han som hev laga til auga, skulde han ikkje sjå? 10 Han som tuktar heidningar, skulde han ikkje refsa, han som gjev menneski kunnskap? 11 Herren kjenner mannsens tankar, at dei er fåfengd. 12 Sæl er den mann som du, Herre, tuktar, og som du gjev lærdom or lovi di, 13 til å gjeve honom ro for vonde dagar, til dess det vert grave ei grav for den ugudlege. 14 For ikkje støyter Herren burt sitt folk, og arven sin forlet han ikkje. 15 For domen skal venda um att til rettferd, og alle ærlege i hjarta skal halda med honom. 16 Kven stend upp for meg imot dei vonde? Kven stig fram for meg mot deim som gjer urett? 17 Dersom ikkje Herren var mi hjelp, so vilde sjæli mi snart bu i stilla. 18 Når eg segjer: «Foten min er ustød, då held di miskunn meg uppe, Herre.» 19 Når det kjem mange tunge tankar i mitt hjarta, då huggar dine trøystarord mi sjæl. 20 Er vel tynings-domstolen i samlag med deg, der dei lagar urett i hop til rett? 21 Dei flokkar seg i hop mot sjæli åt den rettferdige, og dei fordømer uskuldigt blod. 22 Då vert Herren ei borg for meg, og min Gud vert eit berg som eg flyr til. 23 Og han let deira urett koma attende yver deim, og for deira vondskap skal han gjera ende på deim, ja, Herren, vår Gud, skal gjera ende på deim.
Copyright information for NorSMB