Psalms 97

Herren er konge; jordi fagne seg, mange øyar glede seg! Skyer og myrker er kringum honom, rettferd og rett er grunnvoll for hans kongsstol. Eld gjeng framfyre honom og brenner hans motstandarar rundt ikring. Hans eldingar lyser upp heimen; jordi ser det og skjelv. Bergi brånar som voks for Herren, for Herren yver all jordi. Himmelen forkynner hans rettferd, og alle folki hans æra. Skjemde vert alle som dyrkar bilæte, som rosar seg av avgudar. Alle gudar tilbed honom. Sion høyrer det og gled seg, og Judas døtter fagnar seg for dine domar skuld, Herre. For du, Herre, er den høgste yver heile jordi, du er høgt upphøgd yver alle gudar. 10 De som elskar Herren, hata det vonde! Han tek vare på sjælerne åt sine trugne, frå handi til dei ugudlege frelsar han deim. 11 Ljos er utsått for den rettferdige, og gleda for dei ærlege i hjarta. 12 Gled dykk, de rettferdige, i Herren! Syng lov for hans heilage namn!
Copyright information for NorSMB