Psalms 98

Ein salme. Syng Herren ein ny song! For han hev gjort under, hans høgre hand hev hjelpt honom, og hans heilage arm. Herren hev kunngjort si frelsa, for augo på heidningarne hev han openberra si rettferd. Han hev kome i hug si miskunn og sin truskap mot Israels hus; alle heimsens endar hev set frelsa frå vår Gud. Ropa med gleda for Herren, all jordi! Set i med fagnad og lovsong! Syng lov for Herren med cither, med cither og med lovsongs røyst, med lurar og basunklang gjev fagnadrop for kongen, Herren! Havet dure og alt som i det er, heimen og alle som i heimen bur! Elvarne klappe i hender, fjelli fagne seg med for Herrens åsyn, for han kjem til å døma jordi, han skal døma jordriket med rettferd og folki med rettvisa.
Copyright information for NorSMB