Psalms 99

Herren er konge, folki skjelv; han sit på kerubar, jordi ruggar. Herren er stor i Sion, og høg er han yver alle folk. Dei skal prisa ditt namn, det store og skræmelege, heilag er han. Og i si magt elskar kongen det som rett er; du held rettvisa uppe, du hev gjort rett og rettferd i Jakob. Høglova Herren, vår Gud, og fall ned for hans fotskammel! Heilag er han. Moses og Aron var millom hans prestar, og Samuel millom deim som kalla på hans namn; dei ropa til Herren, og han svara deim. I ein skystolpe tala han til deim, dei heldt hans vitnemål og den lov han gav deim. Herre vår Gud, du svara deim, du var deim ein Gud som tilgav deim, men og ein hemnar yver deira gjerningar. Høglova Herren, vår Gud! Og fall ned for hans heilage fjell! For heilag er Herren, vår Gud.
Copyright information for NorSMB