Revelation of John 13

Og eg såg eit dyr stiga upp or havet, det hadde ti horn og sju hovud, og på horni sine ti krunor, og på hovudi sine spottings namn. Og dyret som eg såg, var likt ein leopard, og føterne på det var som på ein bjørn, og gapet som eit løvegap. Og draken gav det si kraft og sin kongsstol og stor magt. Og eg såg eit av hovudi på det liksom såra til ulivs; og ulivssåret vart lækt, og all jordi undrast og fylgde etter dyret; og dei tilbad draken for di han hadde gjeve dyret magt, og dei tilbad dyret og sagde: «Kven er lik dyret, og kven kann strida mot det?» Og det vart gjeve det ein munn som tala store og spottande ord, og det vart gjeve det magt til å halda på i tvo og fyrti månader. Og det opna munnen sin til spottingar mot Gud, til å spotta hans namn og hans bustad, deim som bur i himmelen. Og det vart det gjeve å føra strid mot dei heilage og vinna på deim, og det vart gjeve det magt yver kvar ætt og kvar landslyd og kvart tungemål og kvart folk. Og alle som bur på jordi, skal tilbeda det, kvar den som ikkje frå verdi vart grunnlagd, hev fenge namnet sitt skrive i livsens bok hjå Lambet som er slagta. Dersom nokon hev øyra, so høyre han! 10 Um nokon fører i fengsel, han skal i fengsel. Um nokon drep med sverd, han skal drepast med sverd. Her er tolmodet og trui til dei heilage. 11 Og eg såg eit anna dyr stiga upp or jordi, og det hadde tvo horn liksom eit lamb, og tala liksom ein drake. 12 Og det brukar heile magti åt det fyrste dyret for augo på det, og gjer at jordi og dei som bur på henne, tilbed det fyrste dyret, som ulivssåret vart lækt på. 13 Og det gjer store teikn, so det endå fær eld til å falla ned frå himmelen på jordi for augo på menneski. 14 Og det dårar deim som bur på jordi, for dei teikn skuld som det hev fenge magt til å gjera for augo på dyret, med di det segjer til deim som bur på jordi, at dei skal gjera eit bilæte åt det dyret som hev såret av sverdet og vart i live. 15 Og det fekk magt til å gjeva dyrebilætet livs-ande, so dyrebilætet jamvel kunde tala, og gjera so, at alle dei som ikkje vilde tilbeda dyrebilætet, skulde drepast. 16 Og det gjer at alle, både små og store, rike og fatige, frie og trælar, fær eit merke på si høgre hand eller på panna si, 17 og at ingen kann kjøpa eller selja, utan den som hev merket, namnet på dyret eller talet for dette namnet. 18 Her er det visdomen! Den som hev vit, han rekne ut talet til dyret; for det er talet for eit menneskje, og talet for det er seks hundrad og seks og seksti.
Copyright information for NorSMB