Revelation of John 14

Og eg såg, og sjå: Lambet stod på Sionsfjellet og med det hundrad og fire og fyrti tusund, som hadde dess namn og dess Faders namn skrive på panna. Og eg høyrde ei røyst frå himmelen liksom ljoden av mange vatn og som ljoden av sterk tora, og eg høyrde ljod av harpespelarar som spela på harporne sine. Og dei song ein ny song framfor kongsstolen og for dei fire livendi og dei eldste; og ingen kunde læra songen, utan dei hundrad og fire og fyrti tusund, dei som er kjøpte frå jordi. Desse er dei som ikkje hev gjort seg ureine med kvende; for dei er som møyar. Desse er dei som fylgjer Lambet kvar helst det gjeng. Desse er kjøpte frå menneski til ei fyrstegrøda for Gud og Lambet, og i deira munn er ikkje funne svik; for dei er utan lyte. Og eg såg ein annan engel fljuga under det høgste av himmelen; han hadde eit ævelegt evangelium å forkynna deim som bur på jordi og alle folk og ætter og tungemål og landslydar, og han sagde med høg røyst: «Ottast Gud og gjev honom æra! for timen til hans dom er komen; og tilbed honom som gjorde himmelen og jordi og havet og vatskjeldorne!» Og endå ein annan engel fylgde etter og sagde: «Falli, falli er Babylon, den store, ho som hev skjenkt alle folki av sin hordoms vreide-vin.» Og endå ein tridje engel fylgde etter deim og sagde med høg røyst: «Dersom nokon tilbed dyret og bilætet av det og tek merket på panna si eller på handi si, 10 so skal han og drikka av Guds vreide-vin, som er skjenkt ublanda i hans harms skål, og han skal verta pint med eld og svåvel for augo på dei heilage englar og Lambet. 11 Og røyken av pinsla deira stig upp i all æva, og dei hev ikkje kvila dag eller natt, dei som tilbed dyret og bilætet av det, og kvar ein som tek namnemerket til det.» 12 Her er tolmodet til dei heilage, dei som held Guds bod og trui på Jesus. 13 Og eg høyrde ei røyst frå himmelen som sagde: «Skriv: Sæle er dei daude som døyr i Herren heretter! Ja, segjer Anden, dei skal kvila frå arbeidet sitt, for gjerningarne deira fylgjer med deim.» 14 Og eg såg, og sjå: ei kvit sky, og på skyi sat ein som var lik ein menneskjeson, og han hadde ei gullkruna på hovudet og ein kvass sigd i handi. 15 Og ein annan engel kom ut or templet og ropa med høg røyst til honom som sat på skyi: «Send ut sigden din og skjer! for timen til skurden er komen; for jordi er mogi til skurd.» 16 Og han som sat på skyi, let sigden sin fara yver jordi, og jordi vart skori. 17 Og ein annan engel kom ut or templet i himmelen, og han hadde ein kvass sigd, han og. 18 Og endå ein annan engel kom ut frå altaret, og han hadde magt yver elden og ropa med høg røyst til honom som hadde den kvasse sigden: «Send ut den kvasse sigden din og skjer druvorne av vintreet på jordi; for beri på det er mogne!» 19 Og engelen let sigden sin fara yver jordi og skar frukti av vintreet på jordi og kasta henne i den store vinpersa til Guds vreide. 20 Og vinpersa vart trødd utanfor byen, og det gjekk blod ut frå persa heilt upp til beisli på hestarne, so langt som tusund og seks hundrad stadier.
Copyright information for NorSMB