Revelation of John 17

Og ein av dei sju englarne som hadde dei sju skålerne, kom og tala med meg og sagde: «Kom, eg skal visa deg domen yver den store skjøkja, som sit ved dei mange vatni, henne som kongarne på jordi hev hora med, og dei som bur på jordi, vart drukne av hennar hordoms vin.» Og han førde meg i åndi burt i ei øydemark, og eg såg ei kvinna sitja på eit skarlakraudt dyr, som var fullt med spottings namn og hadde sju hovud og ti horn. Og kvinna var klædd i purpur og skarlak og lyste av gull og dyre steinar og perlor; ho hadde i handi ei gullskål full med styggedom og med ureinska av hordomen hennar. Og på panna hennar var skrive eit namn, ein løyndom: Babylon, den store, mor åt skjøkjorne og styggedomarne på jordi. Og eg såg kvinna fullskjenkt med blodet av dei heilage og med blodet av Jesu vitne, og eg undra meg storleg då eg såg henne. Og engelen sagde til meg: «Kvi undra du deg? Eg vil segja deg løyndomen med kvinna og med dyret som ber henne, og som hev dei sju hovudi og ti horni. Det dyret du såg, det var og er ikkje, og det skal stiga upp or avgrunnen og fara burt til undergang; og dei som bur på jordi, som ikkje hev namni sine skrivne i livsens bok frå verdi vart grunnlagd, dei skal undra seg når dei ser at dyret var og ikkje er og skal koma att. Her spørst det um vitet som hev visdom! Dei sju hovudi er sju fjell, som kvinna sit på, 10 og dei er sju kongar; dei fem er falne, den eine er til, den andre er ikkje komen endå; og når han kjem, skal han berre halda seg ei stutt tid. 11 Og dyret som var og ikkje er, det er sjølv den åttande og er og ein av dei sju og fer burt til undergang. 12 Og dei ti horni som du såg, er ti kongar som ikkje endå hev fenge rike, men dei fær magt som kongar ein time saman med dyret. 13 Desse hev same tanken, og si kraft og magt gjev dei til dyret. 14 Desse skal strida mot Lambet, og Lambet skal vinna yver deim, for det er herren yver herrar og kongen yver kongar, og dei som er med det, dei som er kalla og utvalde og trufaste.» 15 Og han sagde til meg: «Dei vatni som du såg der skjøkja sit, er landslydar og flokkar og folk og tungemål. 16 Og dei ti horni som du såg, og dyret, desse skal hata skjøkja og gjera henne aud og naki, og kjøtet hennar skal dei eta, og henne sjølv skal dei brenna upp med eld. 17 For Gud gav deim i hjarta å fullføra hans tanke og fullføra den eine og same tanken og gjeva dyret sitt rike, til dess Guds ord er fullførde. 18 Og kvinna som du såg, er den store byen som hev kongeveldet yver kongarne på jordi.»
Copyright information for NorSMB