Revelation of John 18

Deretter såg eg ein annan engel stiga ned frå himmelen; han hadde stor magt, og jordi vart upplyst av hans herlegdom. Og han ropa med sterk røyst og sagde: «Falli, falli er Babylon, den store, og ho hev vorte bustad for vonde ånder, eit fangebol for alle ureine ånder, og eit fangebol for alle ureine og styggjelege fuglar. For av hennar hordoms vreide-vin hev alle folki drukke, og kongarne på jordi hev drive hor med henne, og kjøpmennerne på jordi hev vorte rike av hennar ovlivnads fylla.» Og eg høyrde ei onnor røyst frå himmelen, som sagde: «Gakk ut frå henne, de mitt folk, so de ikkje skal verta medskuldige i synderne hennar og ikkje få noko av plågorne hennar! For synderne hennar når heilt upp til himmelen, og Gud hev kome hennar urettferdige gjerningar i hug. Gjev henne att som ho hev gjeve, og gjev henne tvifaldt etter hennar gjerningar! Skjenk henne tvifaldt i den skåli som ho hev skjenkt i! So mykje som ho hev æra seg sjølv og livt i ovlivnad, so mykje pinsla og sorg gjeve de henne! For ho segjer i sitt hjarta: «Eg sit som dronning og er ikkje enkja, og sorg skal eg ikkje sjå.» Difor skal plågorne hennar koma på ein dag: daude og sorg og svolt, og ho skal verta uppbrend med eld; for sterk er Herren Gud, som dømde henne. Og kongarne på jordi som hev drive hor og ovlivnad med henne, skal gråta og barma seg yver henne, når dei ser røyken av hennar brand, 10 medan dei stend langt undan av otte for pinsla hennar og segjer: «Usæl, usæl du store by Babylon, du sterke by! at domen din er komen i ein time!» 11 Og kjøpmennerne på jordi græt og syrgjer yver henne, av di ingen lenger kjøper varorne deira: 12 varor av gull og sylv og dyre steinar og perlor og kostelegt linty og purpur og silke og skarlak og allslag angande tre og allslag kjerald av filsbein og allslag kjerald av dyrverdigt tre og kopar og jarn og marmor 13 og kanel og hårsalve og røykjelse og myrra og røykjeverk og vin og olje og fint mjøl og kveite og storfe og sauer og hestar og vogner og trælar og menneskje-sjæler. 14 Og den frukt som di sjæl hadde lyst til, er komi burt frå deg, og alt det feite og glimande er kome burt frå deg, og aldri skal nokon finna det meir. 15 Dei som handlar med desse ting, som hev vorte rike ved henne, skal standa langt undan av otte for pinsla hennar og gråta og syrgja 16 og segja: «Usæl, usæl den store byen, som var klædd i kostelegt linty og purpur og skarlak, og lyste av gull og dyre steinar og perlor; at so stor ein rikdom er øydd i ein time!» 17 Og kvar styremann og kvar skipsførar og alle sjøfolk og alle dei som fer på havet, stod langt undan 18 og ropa då dei såg røyken av hennar brand, og sagde: «Kven er lik den store byen?» 19 Og dei kasta dust på hovudi sine og ropa med gråt og sorg og sagde: «Usæl, usæl den store byen, der alle som hadde skip på havet, vart rike av hennar eignaluter, at ho vart lagd i øyde i ein time!» 20 Fagna deg yver henne, du himmel, og de apostlar og profetar, av di Gud hev halde dom for dykk yver henne!» 21 Og ein veldug engel lyfte ein stein som ein stor kvernstein og kasta honom i havet og sagde: «So skal Babylon, den store byen, med hast verta nedkasta og ikkje meir verta funnen. 22 Og ingen ljod av harpespelarar og songarar og fløytelåtarar og lurblåsarar skal lenger verta høyrd i deg, og ingen som driv nokor kunst, skal lenger verta funnen i deg, og ingen ljod av kvern lenger verta høyrd i deg. 23 Og ljos av lampa skal ikkje lenger skina i deg, og røyst av brudgom og brur ikkje lenger verta høyrd i deg; for dine kjøpmenner var storkararne på jordi, av di alle folk vart dåra ved din trolldom. 24 Og i henne vart det funne blod av profetar og heilage og av alle deim som er myrde på jordi.»
Copyright information for NorSMB