Revelation of John 2

«Skriv til engelen for kyrkjelyden i Efesus: Dette segjer han som held dei sju stjernorne i si høgre hand, han som gjeng midt imillom dei sju gull-ljosestakarne: Eg veit um gjerningarne dine, og arbeidet ditt, og tolmodet ditt, og at du ikkje kann lida dei vonde, og du hev prøvt deim som segjer dei er apostlar, og ikkje er det, og hev funne at dei er ljugarar; og du hev tolmod og hev havt mykje å bera for mitt namn skuld, og du hev ikkje vorte trøytt. Men eg hev imot deg at du hev uppgjeve din fyrste kjærleik. Kom difor i hug kvar du er fallen ifrå, og vend um og gjer dei fyrste gjerningarne! elles kjem eg snart yver deg og vil flytja ljosestaken din frå sin stad, um du ikkje umvender deg. Men dette hev du, at du hatar gjerningarne åt nikolaitarne, som eg og hatar. Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydarne: Den som sigrar, honom vil eg gjeva å eta av livsens tre, som er i Guds Paradis. Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Smyrna: Dette segjer den fyrste og den siste, han som var daud, og vart livande: Eg veit um trengsla di og fatigdomen din - men du er rik - og spotti frå deim som segjer at dei er jødar, og ikkje er det, men er Satans synagoga. 10 Ottast ikkje for det du skal lida! Sjå, djevelen skal kasta nokre av dykk i fengsel, so de skal verta freista, og de skal hava trengsla i ti dagar. Ver tru til dauden, so skal eg gjeva deg livsens kruna! 11 Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydarne: Den som sigrar, han skal slett ikkje lida mein av den andre dauden! 12 Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Pergamum: Dette segjer han som hev det tvieggja kvasse sverdet: 13 Eg veit kvar du bur: der som Satans kongsstol er, og du held fast ved mitt namn, og du forneitta ikkje mi tru, endå i dei dagar då Antipas var mitt true vitne, han som vart ihelslegen hjå dykk, der Satan bur. 14 Men eg hev nokre få ting imot deg: at du hev sume der som held fast ved Bileams læra, han som lærde Balak å leggja støyt for Israels born, å eta avgudsoffer og gjera hor. 15 Soleis hev du og sume som held fast ved læra åt nikolaitarne. 16 Vend um! men um du ikkje det gjer, kjem eg snart yver deg og vil strida mot deim ved min munns sverd. 17 Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydarne: Den som sigrar, honom vil eg gjeva å eta av det løynde manna, og eg vil gjeva honom ein kvit stein og eit nytt namn skrive på steinen, som ingen kjenner, utan den som fær det! 18 Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Tyatira: Dette segjer Guds son, han som hev augo som eldsloge og føter som skinande kopar: 19 Eg veit um dine gjerningar og din kjærleik og di tenesta og di tru og tolmodet ditt og dei siste gjerningarne dine, som er fleire enn dei fyrste. 20 Men eg hev imot deg at du let kvinna Jezabel råda, ho som segjer at ho er ei profetkvinna, og ho lærer og dårar mine tenarar til å driva hor og eta avgudsoffer. 21 Og eg gav henne tid til å venda um, men ho vil ikkje venda um frå sin hordom. 22 Sjå, eg kastar henne på sjukelægje, og deim som driv hor med henne, i stor trengsla, dersom dei ikkje vender um frå sine gjerningar. 23 Og borni hennar vil eg rykkja burt ved daude, og alle kyrkjelydarne skal sanna at eg er den som ransakar nyro og hjarto, og eg vil gjeva dykk kvar etter dykkar gjerningar. 24 Men eg segjer dykk andre i Tyatira, alle som ikkje hev denne læra, og som ikkje kjenner Satans dypter - som dei segjer -: Eg vil ikkje leggja nokor onnor byrd på dykk. 25 Berre haldt fast ved det de hev, til dess eg kjem! 26 Og den som sigrar og tek vare på mine gjerningar alt til enden, honom vil eg gjeva magt yver heidningarne, 27 og han skal styra deim med jarnstav, liksom ein knasar kruskjerald, so som eg og hev fenge det av min Fader; 28 og eg vil gjeva honom morgonstjerna. 29 Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydarne!»
Copyright information for NorSMB