Revelation of John 20

Og eg såg ein engel stige ned frå himmelen, som hadde lykelen til avgrunnen og ei stor lekkja i handi si. Og han greip draken, den gamle ormen, som er djevelen og Satan, og batt honom for tusund år og kasta honom i avgrunnen og læste honom inne og sette innsigle yver honom, so han ikkje lenger skulde dåra folki, til dess dei tusund år var fullenda. Og etter den tid skal han verta løyst ei liti stund. Og eg såg stolar, og dei sette seg på deim, og det vart gjeve deim magt til å halda dom; og eg såg deira sjæler som var halshogne for Jesu vitnemål og Guds ord skuld, og deim som ikkje hadde tilbede dyret eller bilætet av det, og ikkje teke merket på panna si og på handi si; og dei vart livande og rådde saman med Kristus i tusund år. Men dei andre daude vart ikkje livande att, fyrr dei tusund år var fullenda. Dette er den fyrste uppstoda. Sæl og heilag er den som hev lut i den fyrste uppstoda; yver deim hev den andre dauden ingi magt, men dei skal vera Guds og Kristi prestar og råda saman med honom i tusund år. Og når dei tusund åri er fullenda, skal Satan verta løyst ut or sitt fengsel, og han skal ganga ut og dåra folki ved dei fire jordhyrno, Gog og Magog, og føra deim saman til strid, og talet på deim er som havsens sand. Og dei drog upp på den vide jordflata og kringsette lægret åt dei heilage og den byen som Gud elska. Og det fall eld ned ifrå himmelen frå Gud og øydde deim. 10 Og djevelen, som hadde dåra deim, vart kasta i sjøen med eld og svåvel, der dyret og den falske profeten var; og dei skal verta pinte dag og natt i all æva. 11 Og eg såg ein stor kvit kongsstol, og honom som sat derpå; og jordi og himmelen flydde frå hans åsyn, og det fanst ikkje nokon stad for deim. 12 Og eg såg dei daude, små og store, standa framfor Gud, og bøker vart opna, og ei onnor bok vart opna, det er livsens bok. Og dei daude vart dømde etter det som var skrive i bøkerne, etter gjerningarne sine. 13 Og havet gav att dei daude som var i det, og dauden og helheimen gav att dei daude som var i deim, og dei vart dømde kvar etter sine gjerningar. 14 Og dauden og helheimen vart kasta i eldsjøen. Dette er den andre dauden: eldsjøen. 15 Og dersom nokon ikkje vart funnen uppskriven i livsens bok, so vart han kasta i eldsjøen.
Copyright information for NorSMB