Revelation of John 4

Deretter såg eg, og sjå, det var ei dør opna i himmelen, og den fyrste røysti som eg hadde høyrt liksom ein basun som tala med meg, sagde: «Stig upp her, so skal eg syna deg det som skal hendast heretter!» Straks var eg burtrykt i Anden, og sjå, ein kongsstol stod i himmelen, og det sat ein på stolen. Og han som sat der, var sjåande til liksom jaspis og sarderstein, og det var ein regnboge rundt um stolen, å sjå til liksom smaragd. Og rundt ikring stolen var det fire og tjuge stolar, og på stolarne såg eg fire og tjuge eldste sitjande, klædde i kvite klæde, og dei hadde gullkrunor på hovudi sine. Og frå stolen for det ut ljoneldar og røyster og toredunar, og framfor stolen brann sju eldkyndlar, som er dei sju Guds ånder. Og framfor stolen var det eit glashav likt krystall, og midt fyre stolen og rundt um stolen er det fire livende, uppfyllte med augo framantil og attantil. Og den fyrste livendet er likt ei løva, og det andre livendet er likt ein ukse, og det tridje livendet hev åsyn som eit menneskje, og det fjorde livendet er likt ei fljugande ørn. Og dei fire livendi hadde, kvart for seg, seks vengjer; rundt ikring og innantil var dei uppfyllte med augo, og dei held ikkje upp dag eller natt med å segja: «Heilag, heilag, heilag er Herren, Gud den allmegtige, han som var og som er og som kjem!» Og når dei fire livendi gjev æra og pris og takk åt honom som sit på stolen, og som liver i all æva, 10 so fell dei fire og tjuge eldste ned for honom som sit på stolen, og tilbed honom som liver i all æva, og kastar krunorne sine ned for stolen og segjer: 11 «Verdig er du, Herre, til å få æra og pris og magt! for du skapte alle ting, og for din vilje skuld var dei til og vart dei skapte!»
Copyright information for NorSMB