Revelation of John 5

Og eg såg i den høgre handi hans som sat på stolen ei bok med skrift på innsida og utsida og forsigla med sju innsigle. Og eg såg ein veldug engel, som ropa ut med høg røyst: «Kven er verdig til å opna boki og brjota hennar innsigle?» Og ingen i himmelen eller på jordi eller under jordi kunde opna boki eller sjå i henne. Då gret eg sårt, av di ingen vart funnen verdig til å opna boki eller sjå i henne. Og ein av dei eldste segjer til meg: «Gråt ikkje! sjå, løva som er av Juda ætt, Davids rotrenning, hev sigra og kann opna boki og brjota hennar sju innsigle.» Og eg såg at midt imillom stolen og dei fire livendi og midt imillom dei eldste stod eit lamb, liksom slagta, og det hadde sju horn og sju augo, det er dei sju Guds ånder som er utsende yver all jordi. Og det kom og tok boki or den høgre handi hans som sat på stolen. Og då det tok boki, fall dei fire livendi og dei fire og tjuge eldste ned for Lambet, og dei hadde kvar si harpa og gullskåler fulle med røykjelse, som er bønerne frå dei heilage. Og dei syng ein ny song og segjer: «Du er verdig til å taka boki og opna hennar innsigle, av di du vart slagta og med ditt blod kjøpte oss åt Gud av alle ætter og tungemål og folk og landslydar. 10 Og du gjorde deim til eit kongerike og til prestar for vår Gud, og dei skal vera kongar på jordi!» 11 Og eg såg, og eg høyrde ei røyst av mange englar ikring stolen og dei fire livendi og dei eldste; og talet på deim var ti tusund gonger ti tusund og tusund gonger tusund. 12 Og dei sagde med høg røyst: «Lambet som er slagta, er verdigt til å få magt og rikdom og visdom og styrke og pris og æra og velsigning!» 13 Og kvar skapning som er i himmelen og på jordi og under jordi og på havet, og alt det som er i deim, høyrde eg segja: «Honom som sit på stolen, og Lambet tilhøyrer velsigning og pris og æra og magt i all æva!» 14 Og dei fire livendi sagde: «Amen!» Og dei fire og tjuge eldste fall ned og tilbad.
Copyright information for NorSMB