Revelation of John 9

Og den femte engelen bles. Og eg såg eg ei stjerna som hadde falle frå himmelen ned på jordi, og ho fekk lykelen til avgrunnsbrunnen. Og ho opna avgrunnsbrunnen, og ein røyk steig upp or brunnen, lik røyken av ein stor omn, og soli og lufti vart myrkte av røyken frå brunnen. Og or røyken kom grashoppar ut på jordi, og det vart gjeve deim magt, slik som skorpionarne på jordi hev, og det vart sagt deim at dei ikkje måtte skada graset på jordi eller noko grønt eller noko tre, men berre dei menneskje som ikkje hadde Guds innsigle på pannorne. Og det vart gjeve deim at dei ikkje skulde drepa deim, men pina deim i fem månader; og pinsla av deim var som pinsla av ein skorpion når han sting eit menneskje. Og i dei dagar skal folk søkja dauden og ikkje finna honom, og stunda etter å døy, og dauden skal fly frå deim. Og grashopparne såg ut som hestar, tilbudde til strid; og på hovudi deira var det liksom krunor av gull, og andliti deira var som menneskjeandlit. Og dei hadde hår som kvendehår, og tennerne deira var som løvetenner. Og dei hadde brynjor liksom jarnbrynjor, og ljoden av vengjerne deira var som ljod av vogner når mange hestar renner til strid. 10 Og dei hadde stertar liksom skorpionar, og det var broddar i stertarne deira, og dei hadde magt til å skada menneski fem månader. 11 Til konge yver seg hev dei avgrunnsengelen, hans namn er på hebraisk Abaddon, og på gresk hev han namnet Apollyon. 12 Det fyrste usæle er yverstade; sjå, det kjem tvo usæle etter dette! 13 Og den sette engelen bles. Og eg høyrde ei røyst frå dei fire horni på det gullaltaret som stod framfor Gud, 14 og ho sagde til den sette engelen, som hadde basunen: «Løys dei fire englarne som er bundne ved den store elvi Eufrat!» 15 Og dei fire englarne vart løyste, dei som hadde vore ferdige på timen og dagen og månaden og året til å drepa tridjeparten av menneski. 16 Og talet på herarne av hestfolk var tvo gonger ti tusund gonger ti tusund; eg høyrde talet på deim. 17 Og soleis såg eg i syni hestarne og deim som sat på deim: dei hadde eldraude og myrkraude og svåvelgule brynjor; og hovudi på hestarne var som løvehovud, og or munnarne deira fer det ut eld og røyk og svåvel. 18 Av desse tri: elden og røyken og svåvelet, som for ut or munnarne deira, vart tridjeparten av menneski drepen. 19 For magti åt hestarne ligg i munnen deira og halen deira, for halarne deira er som ormar og hev hovud, og med deim gjer dei skade. 20 Og dei andre menneskje, som ikkje vart drepne i desse plågorne, vende ikkje um frå dei verki deira hender hadde gjort, so dei heldt upp med å tilbeda dei vonde ånder og avgudarne av gull og av sylv og av kopar og av stein og av tre, som korkje kann sjå eller høyra eller ganga. 21 Og dei vende ikkje um frå mordgjerningarne sine eller frå trolldomskunsterne sine eller frå hordomen sin eller frå tjuvskapen sin.
Copyright information for NorSMB