Romans 11

Difor segjer eg: Hev då Gud støytt frå seg folket sitt? Nei, langt ifrå; for eg er og ein israelit, av Abrahams ætt, av Benjamins ættgrein. Gud hev ikkje støytt frå seg folket sitt som han kjende fyreåt. Eller veit de ikkje kva Skrifti segjer der ho talar um Elia, korleis han stig fram for Gud imot Israel og segjer: «Herre! Profetarne dine drap dei, altari dine reiv dei ned, og eg vart åleine att, og dei stend meg etter livet.» Men kva segjer Guds svar til honom? «Eg leivde meg sju tusund mann som ikkje bøygde kne for Ba’al.» Soleis hev det då og i denne tid vorte att ein leivning etter nådens utveljing. Men er det av nåde, so er det ikkje lenger av gjerningar, elles vert nåden ikkje nåde lenger. Kva so? Det som Israel trår etter, det hev det ikkje nått, men dei utvalde hev nått det, dei hine hev vorte forherde, som skrive stend: «Gud gav deim ei dauvskapsånd, augo til å ikkje sjå og øyro til å ikkje høyra, alt til den dag i dag.» Og David segjer: «Lat bordet deira verta deim ei snara og ei gildra ei fella og ei attergjeld! 10 Lat augo deira dimmast, so dei ikkje ser, og bøyg alltid ryggen deira!» 11 Difor segjer eg: Hev dei då snåva for di at dei skulde falla? Nei, langt ifrå! men ved deira fall er frelsa komi til heidningarne, so det skal vekkja deim til kapphug. 12 Men er deira fall ein rikdom for verdi, og deira skade ein rikdom for heidningar, kor mykje meir då deira fullending! 13 For til dykk talar eg, de heidningar. So sant som eg er heidningapostel, ærar eg embættet mitt, 14 um eg då kunde vekkja samættingarne mine til kapphug og få frelst nokre av deim. 15 For hev verdi vorte forlikt med Gud med då dei var burtkasta, kva anna vert det då enn liv av daude, når dei vert mottekne? 16 Men er fyrstegrøda heilag, so er deigi det og, og er roti heilag, so er greinerne det og. 17 Um no like vel sume av greinerne vart avbrotne, og du, som var ein vill oljekvist, vart innpota imillom deim og vart samhavande med deim i roti og feita på oljetreet, 18 so rosa deg ikkje imot greinerne! men um du rosar deg, so er det då ikkje du som ber roti, men roti som ber deg. 19 So vil du vel segja: «Greinerne vart avbrotne for di at eg skulde verta innpota.» 20 Ja vel! ved si vantru vart dei avbrotne, men du stend ved trui; ovmodast ikkje, men ottast! 21 For sparde ikkje Gud dei naturlege greinerne, so vil han ikkje spara deg heller. 22 Sjå då Guds godleik og strengleik: Strengleik imot deim som er falne, men godleik imot deg, so framt du held deg til godleiken, elles skal du og verta avhoggen. 23 Men hine skal og verta innpota, dersom dei ikkje held fram i vantrui; for Gud er megtig til å pota deim inn att. 24 For dersom du vart avhoggen av det oljetreet som er vilt av naturi, og imot naturi innpota i eit godt oljetre, kor mykje heller skal dei då verta innpota i sitt eige oljetre, dei som av naturi høyrer til der! 25 For eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um denne løyndomen - so de ikkje skal tykkjast dykk sjølve kloke - at forherding til deils er komi yver Israel, til dess at fullnaden av heidningarne er komen inn, 26 og so skal heile Israel verta frelst, som skrive stend: «Frå Sion skal frelsaren koma, rydja gudløysa burt frå Jakob, 27 og når eg tek burt deira synder, er dette mi pakti med deim.» 28 Etter evangeliet er dei fiendar for dykkar skuld, men etter utveljingi er dei elska for federne skuld; 29 for Gud tregar ikkje på nådegåvorne sine og kallet sitt. 30 For liksom de fyrr var ulyduge mot Gud, men no hev fenge miskunn ved deira ulydnad, 31 so hev dei og no vore ulyduge for at dei og skal få miskunn med den miskunn som de hev fenge; 32 for Gud hev gjeve deim alle yver til ulydnad, so han skulde kunna miskunna deim alle. 33 Å, for djup av rikdom og visdom hjå Gud! Kor uransakelege domarne hans er, og kor urekkjande vegarne hans! 34 For kven kjende Herrens hug? eller kven var rådgjevaren hans? 35 Eller kven gav honom noko fyreåt, so han skulde få vederlag att? 36 For av honom og ved honom og til honom er alle ting. Han skal hava æra i all æva! Amen.
Copyright information for NorSMB