Romans 2

Difor er du, menneskje, ikkje orsakande, kven du so er som dømer. For med di du dømer den andre, fordømer du deg sjølv, for du som dømer, gjer sjølv det same; men me veit at Guds dom, som sanning krev, er yver deim som gjer slikt. Men trur du det, du menneskje som dømer deim som gjer slikt og sjølv gjer det same, at du skal sleppa undan Guds dom? Eller vanvyrder du hans rikdom på godleik og tolmod og langmod, og veit ikkje at Guds godleik driv deg til umvending? Men med ditt hardlynde og ditt utbotferdige hjarta hopar du vreide yver deg på vreidens dag då Guds rettferdige dom vert openberr; for han skal gjeva kvar etter gjerningarne hans: deim som med trott i god gjerning søkjer herlegdom og æra og uforgjengelegdom, skal han gjeva ævelegt liv; men deim som er stridsame og ikkje lyder sanningi, men lyder urettferdi, skal timast vreide og harm. Naud og trengsla skal koma yver kvar menneskjesjæl som gjer det vonde, både jøde fyrst og so grækar. 10 Men herlegdom og æra og fred skal timast kvar den som gjer det gode, både jøde fyrst og so grækar. 11 For Gud gjer ikkje skil på folk: 12 Alle som synda utan lovi, dei skal og verta fortapte utan lovi, og alle som synda under lovi, dei skal og verta dømde ved lovi. 13 For ikkje dei som høyrer lovi, er rettferdige for Gud, men dei som gjer etter lovi, skal verta rettferdiggjorde. 14 For når heidningarne som ikkje hev lovi, gjer av naturi det som lovi byd, so er dei seg sjølve ei lov, endå dei ikkje hev lovi. 15 Dei syner at lovgjerningi er skrivi i hjarto deira, med de samvitet deira gjev sitt vitnemål, og tankarne seg imillom sakar eller orsakar deim 16 - på den dagen då Gud skal døma det dulde hjå menneski, etter mitt evangelium ved Jesu Kristus. 17 Men um du heiter jøde og lit på lovi og rosar deg av Gud 18 og veit hans vilje og dømer um dei ymse ting med di du lærer av lovi, 19 og trøyster deg til å vera vegvisar for blinde, ljos for deim som er i myrker, 20 uppsedar for dårar, lærar for umynduge, då du hev den rette form for kunnskap og sanning i lovi: 21 Du som soleis lærer ein annan, lærer du ikkje deg sjølv? Du som preikar at ein ikkje skal stela, stel du? 22 Du som segjer at ein ikkje skal driva hor, driv du hor? Du som styggjest ved avgudar, ranar du avgudstempel? 23 Du som rosar deg av lovi, du vanærar Gud med di du bryt lovi! 24 For «Guds namn vert spotta millom heidningarne for dykkar skuld,» som skrive stend. 25 For umskjeringi gjer vel gagn um du held lovi; men bryt du lovi, då hev di umskjering vorte til fyrehud. 26 Um då ein u-umskoren liver etter lovbodi, skal ikkje då hans fyrehud verta rekna for umskjering? 27 Og den som hev den naturlege fyrehud, men uppfyller lovi, skal døma deg som med bokstav og umskjering bryt lovi. 28 For ikkje den er jøde som er det i synom, og ikkje heller er det umskjering som er det i synom, på kjøtet. 29 Men den som er jøde i løyndom, han er jøde, og umskjering er hjarteumskjering i ånd, ikkje i bokstav. Ein slik hev ros, ikkje av menneskje, men av Gud.
Copyright information for NorSMB