Romans 5

Etter di me no er rettferdiggjorde av trui, hev me fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus, som me ved trui og hev fenge tilgjenge ved til denne nåden som me stend i, og me rosar oss av von um Guds herlegdom. Ja, ikkje berre det, men me rosar oss og av trengslorne våre, med di me veit at trengsla verkar tolmod, og tolmodet verkar røynsla, og røynsla verkar von, og voni gjer ikkje til skammar, av di Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved den Heilage Ande som er oss gjeven. For medan me endå var veike, døydde Kristus til fastsett tid for ugudlege. For det vil vandt nokon døy for ein rettferdig - for ein som er god kunde kanskje einkvan taka på seg å døy -; men Gud syner sin kjærleik til oss med di at Kristus døydde for oss medan me endå var syndarar. So mykje heller skal me då, no me er rettferdiggjorde ved hans blod, verta frelste ved honom frå vreiden. 10 For so sant me vart forlikte med Gud ved hans sons daude då me var fiendar, so skal me so mykje heller verta frelste ved hans liv no då me er forlikte. 11 Ja, ikkje berre det, men me rosar oss og av Gud ved vår Herre Jesus Kristus, som me no hev fenge forlik ved. 12 Difor, liksom syndi kom inn i verdi ved eitt menneskje og dauden ved syndi, og dauden soleis trengde igjenom til alle menneskje av di dei synda alle - 13 For vel var det synd i verdi fyre lovi, men syndi vert ikkje tilrekna der det ingi lov er; 14 men endå rådde dauden frå Adam til Moses ogso yver deim som ikkje hadde synda i likning med Adams brot, han som er eit fyrebilæte på den som skulde koma. 15 Men ikkje er det med nådegåva soleis som med fallet; for hev dei mange døytt med di at den eine fall, so hev mykje meir Guds nåde og gåva vorte ovrik for dei mange i det eine menneskje Jesu Kristi nåde. 16 Og ikkje er det med gåva soleis som det vart då ein synda; for domen vart til fordøming for ein skuld, men nådegåva vart til fridøming for mange fall skuld. 17 For dersom dauden kom til å råda på grunn av den eine manns fall, so skal mykje meir dei som fær den ovrike nåde og rettferds-gåva, liva og råda ved den eine, Jesus Kristus. 18 Difor, liksom ein manns fall vart til fordøming for alle menneskje, so vart og ein manns rettferdige gjerning til livsens rettferdiggjering for alle menneskje. 19 For liksom dei mange vart syndarar ved ulydnaden åt det eine menneskjet, so skal og dei mange verta rettferdige ved lydnaden åt den eine. 20 Men lovi kom attåt, so fallet skulde verta stort; men der syndi vart stor, vart nåden endå større, 21 so liksom syndi rådde ved dauden, skulde nåden og råda ved rettferd til ævelegt liv ved Jesus Kristus, vår Herre.
Copyright information for NorSMB