Romans 7

Eller veit de ikkje, brør - for eg talar til slike som kjenner lovi - at lovi råder yver menneskjet so lenge det liver? For den gifte kvinna er med lovi bundi til mannen sin so lenge han liver; men døyr mannen, er ho løyst frå lovi um mannen. Difor skal ho kallast horkona, um ho gifter seg med ein annan mann medan mannen hennar liver; men døyr mannen, so er ho fri frå lovi, so ho ikkje vert horkona um ho vert gift med ein annan mann. Soleis, mine brør, døydde de og frå lovi ved Kristi likam, av di de skulde høyra til ein annan, det er han som er uppstaden frå dei daude, so me kann bera frukt for Gud. For då me var i kjøtet, verka dei syndige lysterne, som vart vekte ved lovi, soleis i lemerne våre, at me bar frukt for dauden; men no er me løyste frå lovi, med di me hev døytt frå det som me var fangar under, so me tener i Andens nye art og ikkje i bokstavens gamle art. Kva skal me då segja? Er lovi synd? Nei, langt ifrå! men eg kjende ikkje syndi utan gjenom lovi; for eg kjende ikkje lysti, um ikkje lovi hadde sagt: «Du skal ikkje lysta!» Men syndi tok tilføre av bodet og verka allslags lyst i meg; for utan lov er syndi daud. Eg livde ei tid utan lov; men då bodet kom, livna syndi upp, 10 men eg døydde; og bodet som var til liv, vart funne å vera meg til daude, 11 for syndi tok tilføre av bodet og dåra og drap meg ved det. 12 So er då lovi heilag, og bodet heilagt og rettferdigt og godt. 13 Hev då det som er godt vorte meg til daude? Nei, langt ifrå! men det var syndi, at ho skulde visa seg å vera synd, med di ho volde meg dauden med det som er godt - so syndi skulde verta storleg syndig ved bodet. 14 For me veit at lovi er åndeleg, men eg er kjøtleg, seld under syndi. 15 Det eg gjer, det skynar eg ikkje; for eg gjer ikkje det som eg vil, men det som eg hatar, det gjer eg. 16 Men gjer eg det som eg ikkje vil, so vitnar eg med lovi at ho er god. 17 Men no er det ikkje lenger eg som gjer det, men syndi som bur i meg. 18 For eg veit, at i meg, det vil segja i kjøtet mitt, bur inkje godt; for viljen hev eg, men gjera det gode vinn eg ikkje. 19 For eg gjer ikkje det gode som eg vil, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg. 20 Men gjer eg det som eg ikkje vil, so er det ikkje lenger eg som gjer det, men syndi som bur i meg. 21 So finn eg då den lov for meg, eg som vil gjera det gode, at det vonde ligg meg for handi. 22 For eg hev hug til Guds lov etter mitt indre menneskje, 23 men eg ser ei onnor lov i lemerne mine, som strider imot lovi i hugen min, og fangar meg under syndelovi som er i lemerne mine. 24 Eg arme menneskje! kven skal frelsa meg frå denne daudens likam? 25 Gud vere takk ved Jesus Kristus, vår Herre! - So tener då eg i meg sjølv Guds lov med hugen, men syndelovi med kjøtet.
Copyright information for NorSMB