Romans 9

Eg segjer sanning i Kristus, eg lyg ikkje, samvitet mitt vitnar med meg i den Heilage Ande, at eg hev ei stor sorg og en stendig verk i hjarta mitt. For eg skulde ynskja at eg sjølv var bannstøytt burt frå Kristus for brørne mine, samættingarne mine etter kjøtet, dei som er israelitar, som hev barnekåret og herlegdomen og pakterne og lovgjevingi og gudstenesta og lovnaderne, dei som federne høyrer til og som Kristus er ætta frå etter kjøtet, han som er Gud yver alle ting, velsigna i all æva. Amen. Men det er ikkje so at Guds ord hev vorte til inkjes; for ikkje alle dei som er ætta frå Israel, er Israel; og ikkje heller er alle Abrahams born for di um dei er hans ætt; men: «Etter Isak som skal ætta di heita,» det vil segja: ikkje borni etter kjøtet er Guds born, men borni etter lovnaden vert rekna til ætti. For dette er eit lovnadsord: «Ved dette bilet kjem eg att, og då skal Sara hava ein son.» 10 Og ikkje berre det, men so var det og med Rebekka, ho som var med born ved ein, det er Isak, far vår. 11 For då dei endå var ufødde, og ikkje endå hadde gjort korkje godt eller vondt - for at Guds rådgjerd etter hans utveljing skulde standa ved lag, ikkje ved gjerningar, men ved honom som kallar - 12 då vart det sagt til henne: «Den eldste skal tena den yngste,» 13 som skrive stend: «Jakob elska eg, men Esau hata eg.» 14 Kva skal me då segja? Skulde det finnast urettferd hjå Gud? Langt ifrå! 15 For han segjer til Moses: «Eg vil miskunna den som eg miskunnar, og ynka den som eg ynkar.» 16 So stend det då ikkje til den som vil, og ikkje heller til den som renner, men til Gud som gjer miskunn. 17 For Skrifti segjer til Farao: «Just til dette reiste eg deg upp, at eg kunde syna magti mi på deg, og at namnet mitt kunde verta kunngjort yver all jordi.» 18 So miskunnar han då kven han vil, og gjer kven han vil hard. 19 So vil du vel segja til meg: «Kva hev han so endå å klaga for? For kven stend vel imot viljen hans?» 20 Men kven er då du, menneskje, som trættar imot Gud? Skal då verket segja til verkaren: «Kvi gjorde du meg so?» 21 Eller hev ikkje krusmakaren vald yver leiret, so han av same deigi kann gjera det eine kjerald til æra og det andre til vanæra? 22 Men um no Gud, endå han vilde syna vreiden sin og kunngjera si magt, like vel med stort langmod tolde dei vreide-kjerald som var laga til undergang, 23 so han og kunde gjera sin herlegdoms rikdom yver miskunnskjeraldi som han fyreåt hadde laga til herlegdom? 24 Og til slike kalla han oss og, ikkje berre av jødar, men og av heidningar, 25 som han og segjer hjå Hosea: «Det som ei er mitt folk, vil eg kalla mitt folk, og kalla henne elska som ei var elska; 26 og det skal ganga so, at på den staden det vart sagt til deim: «De er ikkje mitt folk,» der skal dei kallast den livande Guds born.» 27 Og som Jesaja ropar ut yver Israel: «Um talet på Israels born er som havsens sand, so skal då berre leivningen frelsast. 28 For ordet sitt skal Herren setja i verk og snøgt fullføra på jordi.» 29 Og som Jesaja fyrr hev sagt: «Hadde ikkje Herren Sebaot leivt oss eit sæde, so hadde me vorte som Sodoma og vorte like Gomorra.» 30 Kva skal me då segja? At heidningarne som ikkje søkte rettferd, dei vann rettferd, men det var rettferdi av tru. 31 Men Israel, som søkte rettferdslov, dei vann ikkje fram til denne lovi. 32 Kvifor so? For di dei ikkje søkte henne med tru, men med gjerningar, for dei støytte seg på støytesteinen, 33 som skrive stend: «Sjå, eg legg i Sion ein stein til støyt og eit berg til stygg; den som trur på honom, skal ikkje verta til skammar.»
Copyright information for NorSMB