Ruth 2

Det var ein frende åt mannen til No’omi, ein rik mann av ætti hans Elimelek; han heitte Boaz. Og moabitkvinna Rut sagde til No’omi: «Lat meg ganga ut på åkeren og plukka aks etter einkvan som syner seg venleg mot meg!» Ho svara: «Ja, gjer det, du dotter mi!» So gjekk ho då av stad og kom til ein åker og plukka aks der etter skurdfolket, og det høvde seg so til at åkerstykket høyrde Boaz til, han som var av ætti hans Elimelek. Og Boaz kom nett då dit frå Betlehem, og han sagde til skurdfolket: «Herren vere med dykk!» Dei svara honom: «Herren velsigne deg!» Og Boaz spurde den drengen som hadde tilsyn med skurdfolket: «Kven høyrer ho til denne unge kvinna?» Drengen som hadde tilsyn med skurdfolket, svara og sagde: «Det er ei moabitkvinna, ho som fylgde med No’omi hit frå Moablandet. Ho spurde um ho kunde få plukka og henta i hop aks millom kornbandi etter skurdfolket, og so kom ho, og hev halde på sidan i dag tidleg alt til no og ikkje kvilt det slag.» Då sagde Boaz til Rut: «Høyr, dotter mi! Du skal ikkje ganga stad og plukka aks på nokon annan åker; gakk ikkje her ifrå heller, men haldt deg åt tenestgjentorne mine her! Ansa etter kvar skurdfolket arbeider på åkeren, og gakk etter deim! Eg hev sagt åt drengjerne at dei ikkje skal gjera deg noko vondt. Og um du vert tyrst, so gakk burt åt kjeri og drikk av det vatnet drengjerne hentar!» 10 Då kasta ho seg ned med andlitet mot jordi og sagde til honom: «Kvifor hev eg funne slik nåde for augo dine, at du tek deg av meg som er framand?» 11 Boaz svara og sagde til henne: «Dei hev fortalt meg kva du hev gjort mot vermor di, etterat mannen din var avliden, korleis du hev forlate far din og mor di og fedrelandet ditt og fare til eit folk som du fyrr ikkje kjende. 12 Herren løne deg for det du hev gjort, ja måtte du få fullt vederlag av Herren, Israels Gud, han som du hev kome til, for å finna livd under vengjerne hans!» 13 Ho sagde: «So må eg då finna nåde for augo dine, herre; etter di du hev trøysta meg og tala venleg med tenestgjenta di, endå eg ikkje ein gong er so mykje som ei av tenestgjentorne dine.» 14 Då det leid til måls, sagde Boaz til henne: «Kom hit og et av brødet, og stikk brødstykket ditt ned i vinen!» Då sette ho seg attmed skurdfolket, og han lagde fram åt henne brunsteikte aks, og ho åt og vart mett, og hadde endå att. 15 Då ho stod upp og skulde plukka aks, sagde Boaz til drengjerne sine: «Lat henne og plukka aks millom kornbandi, og gjer henne ikkje noko til mein! 16 Ja, de kann gjerne draga ut strå or bandi og lata deim liggja, so ho fær plukka deim upp, og ingen skal vera vond på henne for det.» 17 So plukka ho aks på åkeren alt til kvelds. Og då ho banka or det ho hadde plukka, vart det på lag ein skjeppa bygg. 18 Og ho tok byrdi si og gjekk inn i byen, og vermor hennar fekk sjå kva ho hadde plukka. So tok ho fram og gav henne det som vart att då ho hadde ete seg mett. 19 Då sagde vermor hennar til henne: «Kvar hev du plukka aks i dag, og kvar hev du arbeidt? Velsigna vere han som hev hjelpt deg til det!» So fortalde ho vermor si kven ho hadde arbeidt hjå, og sagde: «Den mannen som eg hev arbeidt hjå i dag, heiter Boaz.» 20 Då sagde No’omi til sonekona si: «Herren velsigne honom, for di han gjer miskunn både mot deim som liver og dei avlidne!» Og No’omi sagde til henne: «Denne mannen er av frendarne våre, ein av løysingsmennerne våre.» 21 Moabitkvinna Rut sagde: «Han sagde og til meg: Haldt deg åt drengjerne mine til dei hev gjort frå seg all skurden min!» 22 Då sagde No’omi til Rut, sonekona si: «Ja, det er best, dotter mi, at du gjeng med tenestgjentorne hans; so dei ikkje skal gjera deg noko vondt på ein annan åker.» 23 So heldt ho seg åt tenestgjentorne hans Boaz og plukka aks der til dei vart ferdige både med bygg- og kveiteskurden. Men ho budde hjå vermor si.
Copyright information for NorSMB