Song of Solomon 1

Høgsongen av Salomo. «Han meg kysse med kyssar av sin munn. For din elsk han er betre enn vin. Dine salvar angar so ljuvt, ein utrend salve er ditt namn. Difor held møyar dei elskar deg.» «Drag meg etter deg. Og me spring. Kongen hev ført meg til sitt hus.» «Me vil fagnast og frygdast i deg. Me vil lova din kjærleik meir enn vin.» Med rette elskar dei deg. «Eg er brun, men like vel væn, de Jerusalems døtter, som Kedars tjeld, som Salomos dørtjeld. Sjå ikkje på at eg er so brun, at soli hev brent meg so. Mor sine søner harmast på meg, og meg sette til vingardsvakt. Eg hev ikkje vakta eigen gard. Seg, du som leikar i min hug, kvar gjæter du no? Kvar held du middagskvild? Må eg sleppa på villa å ganga i hjordi til felagarn’ dine.» «Um du ikkje det veit, du fagraste dros, du fylgje i drifti sitt spor og gjæt dine killingar fram der som hyrdingarn’ buderne hev.» «Med folarn’ for Faraos vogn deg, min hugnad, eg liknar. 10 Di lekkjeprydde kinn er so væn, og din hals med perlor. 11 Lekkjor av gull skal du få med sylv-prikkar på.» 12 «Når kongen i laget sit sat, min narde han anga då. 13 Ein myrra-pung er min ven, som eg ber ved min barm. 14 Ein cyper blom-dusk er min ven meg i En-Gedis hagar.» 15 «Å, kor du er fager, mi møy, kor du er fager! Dine augo er duvor.» 16 «Å, kor du er fager, min ven, kor du er ljuv. Og vårt lægje er grønt. 17 Cedrar er bjelkarn’ i vårt hus, cypressar er himling.»
Copyright information for NorSMB