Song of Solomon 3

«Eg leita på kvila um natt etter honom som leikar i min hug. Eg leita, men honom ikkje fann. Eg vil upp og sviva gjenom by, fara i gator, yver torg, og søkja han som leikar i min hug. Eg leita, men honom ikkje fann. Eg vaktar møtte, som i byen sveiv. «Hev de set han som leikar i min hug?» Snaudt hadd’ eg kome framum deim, då eg fann han som leikar i min hug. Eg heldt han og eg slepte han ’kje laus, fyrr eg fekk han i huset hennar mor, inn i kleven hennar som meg åtte. Eg hjarteleg bed dykk, Jerusalems døtter, ved gasellor og hindar i skog, at ikkje de vekkje eller eggje kjærleik, fyrr sjølv han so vil.» «Kven er ho, som frå heidi stig upp, lik kvervlande røyk, umfløymd av angande myrra, av røykje og dåm-urter alle? Sjå Salomos båra det er med seksti kjempor ikring, dei av Israels herkjempor er. Dei alle er væpna med sverd og er røynde i strid. Kvar ein ber sverdet ved lend imot rædslor um natt. Kong Salomo berestol fekk seg av Libanons tre. 10 Han av sylv heve stolparne gjort og karmen av gull, der er purpurlagd sess. Inni prydd - ei kjærleiksgåva frå Jerusalems døtter. 11 Gakk ut og sjå, de Sions døtter, på kong Salomo, med kruna han fekk av si mor på sin brudlaupsdag, på sin hjarte-fagnads dag.»
Copyright information for NorSMB