Song of Solomon 4

«Å, kor du er fager, min hugnad, kor du er fager! Dine augo er duvor, glytter fram attum slør. Ditt hår er ein geiteflokk likt, ned Gilead renn. Dine tenner som nyklypte sauer, nett komne frå laug. Tvillingar alle dei hev, og utan lamb er ingen. Dine lippor ei purpursnor er, og so ljuv er din munn. Som eit granateple-brot er din tinning glytter fram attum slør. Som Davids-tårnet din hals, for stridsfolk bygt; tusund skjoldar på det heng, alle skjoldar åt kjemporne. Eit killingpar barmen, tvillingar til ei gasella som beiter millom liljor. Til dess dagen vert sval, og skuggarne flyr, til Myrra-berg skrid eg min veg og til røykjelse-haugen. Alt ved deg er fagert, min hugnad, du lytelaus er.» «Med meg frå Libanon, brur, med meg frå Libanon kom! Stig fram frå Amanas tind, frå Senir og Hermons topp, frå løveheimar og panterfjell. Du hev trylt meg, mi syster, mi brur, du trylt meg med eit einaste augnekast, med ei einaste lekk i din halsring. 10 Kor fager er din elskhug, mi syster, mi brur, kor tjuvleg din elskhug framum vin, kor dei angar dine salvar framum balsam all. 11 Av honning dryp dine lippor, mi brur, tunga di gøymer honning og mjølk, dine klæde hev ein dåm som frå Libanon sjølv. 12 Ein avstengd hage er mi syster, mi brur, ei avstengd olla, ei attsigla kjelda, 13 som ein granattre-park skyt du upp med gildaste frukt, med cyper og nardeblom, 14 med narde, safran, kalmus, kanel og dåmurt av alle slag, myrra og aloe og dei beste av alle slag kryddor, 15 som ei hagekjelda, ein brunn med rennande vatn, med tilsig frå Libanon.» 16 «Vakna, nordanvind, kom, du sunnanvind, gjenom hagen min blås, so angen fær strøyma, og venen til hagen sin kjem og et si kostelege frukt!»
Copyright information for NorSMB