Song of Solomon 7

«Kor fagert din fot stig på skoen, du gjævings møy. Dine lender er bogne som ei sylgja, smidd av ei kunstnarhand. Fanget som skåli rund, ho aldri vante vin. Livet ein kveitehaug med liljor ikring. Eit killingpar barmen, tvillingar til ei gasella. Din hals som eit filsbeinstårn, augo som Hesbons tjørner ved Bat-rabbims port. Nasen som Libanons tårn, som vender imot Damaskus. Ditt hovudet som Karmel ris upp, og lokkarne purpur er, ein konge i flettom er fanga.» «Å, kor fager, kor frid du er, du kjærleik so hugnadrik! Som ei palma er du i vokster, som druvor din barm. Eg meiner upp i palmen eg stig, i stylkerne tek eg tak, din barm skal vera som druvor, din ande er som dåm av eple. Og munnen som ljuvaste vin.» «Som lett glid ned for min ven og kveikjer sovandes lippor. 10 Til min ven høyrer eg, og til meg stend hans trå.» 11 «Kom so min ven, ut på marki lat oss gå og i byom oss kvara! 12 Og i otta inni vingardom sjå, um vintreet sprett, um knupparne spring, um granattreet blømer! Der vil eg gjeva min elsk til deg. 13 Frå kjærleiks-epli strøymer ein fræn, alle slag frukt er ved dørom. Nye og gamle, min ven, hev eg gøymt til deg.
Copyright information for NorSMB