Titus 1

Paulus, Guds tenar og Jesu Kristi apostel til å føra Guds utvalde til tru og til å kjenna den sanning som høyrer til gudlegdom, i von um ævelegt liv, som Gud, han som ikkje lyg, hev lova frå ævelege tider, men no i si tid hev han openberra sitt ord ved den forkynning som vart meg yvergjevi etter Guds, vår frelsars, fyresegn - til Titus, min egtefødde son i den sams trui: Nåde og fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår frelsar! For den skuld let eg deg etter på Kreta, at du skulde skipa til det som vanta, og setja inn eldste i kvar by, so som eg pålagde deg, um det er nokon som er ulastande, mann til ei kvinna, hev truande born som ikkje hev vondt ord for skamløysa eller er ulyduge. For ein tilsynsmann skal vera ulastande som ein Guds hushaldar, ikkje sjølvgod, ikkje vondlyndt, ikkje drikkekjær, ikkje hardhendt, ikkje lysten etter låk vinning, men gjestmild, glad i det gode, visleg, rettferdig, heilag, fråhalden, ein som held seg til det truverdige ord etter læra, so han kann vera før både til å påminna med den heilsame læra og til å tala deim til rettes som segjer imot. 10 For det er mange agelause, som fer med fåfengd tale og dårar hugen, mest dei av umskjeringi. 11 Desse skal ein målbinda; for dei riv ned heile hus, med di dei lærer slikt som ikkje sømer seg, for skamleg vinning skuld. 12 Ein av deim, deira eigen profet, hev sagt: «Kretarar er alltid ljugarar, vonde dyr, late bukar.» 13 Dette vitnemålet er sant; difor skal du refsa deim strengt, so dei må verta heile i trui 14 og ikkje ansa jødiske eventyr og bod av menneskje som vender seg frå sanningi. 15 Alt er reint for dei reine; men for dei ureine og vantruande er ingen ting rein; men både deira hug og samvit er ureine. 16 Dei segjer at dei kjenner Gud; men i sine gjerningar forneittar dei honom, med di dei er styggjelege og ulyduge og duglause til all god gjerning.
Copyright information for NorSMB